Sjokk på sjokk for familien Moen i Årdal: Først fekk Silje kreft som 17-åring. Neste år fekk pappa Odd Tore diagnosen, og året etter farfar.

I dag er alle tre friskmelde. Men trebarnsfar Odd Tore Moen legg ikkje skjul på at det har vore tøffe tak.

— Ja, det skal eg helse deg og seie! Det verste er når dine eigne ungar får kreft. Slikt gjer noko med ein familie, seier 43-åringen til BT.

— Men i dag er familiebanda blitt tettare. Vi har lært å setje meir pris på livet og kvardagen.

Sjølv er Moen ei nyre fattigare etter sjukdomen - «det går så fint, atte» - og han er initiativtakar til konserten «Krafttak mot kreft - det gjeld oss alle» i Grieghallen i kveld, der over seksti små og store årdølar står på scena.

Inntektene går uavkorta til Støtteforeningen for kreftsjuke barn i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Frå Eidsvåg til Ylvis

«Halve Årdal» har valfarta til Bergen i helga, og kveldens konsert er eit slags «dacapo» etter ein stappfull kyrkjekonsert i Årdal i vinter, som tok inn 160.000 kroner til Støtteforeningen.

Det musikalske spennet er stort - frå Bjørn Eidsvåg via Robbie Williams til klassisk og kyrkjemusikk, og i kveld deltek også Ylvis-brørne, tidlegare politimeister i Bergen, Rolf B. Wegner og ordførar Herman Friele. Men dei to sistnemnde kjem neppe til å synge.

— Nei, Wegner held tale, han! Kva Friele gjer, får bli ei overrasking.

Sjølv skal Moen synge «Skyfri himmel», og seinare «Engler i snøen» i duett med dottera Linda.

Ekstrem oppussing

Inntektene frå kveldens konsert skal gå til oppussing av Støtteforeningen sitt hus i Ibsens gate i Bergen, der kreftsjuke barn på Haukeland kan overnatte saman med foreldre og søsken.

— Det betyr mykje for familien å leve noko som liknar eit tilnærma normalt liv, når eit barn er til behandling. Huset var eit sentralt punkt for oss i den perioden vi hadde bruk for det, seier Moen.

Leikerom, nytt kjøkken, fleire sengeplassar - planane for «Ibsen-huset» er mange. Derfor håpar årdølane på minst tusen menneske i salen i kveld, noko som vil gje eit overskot på 200.000 kroner.

— Det blir ekstrem oppussing i vidaste forstand. Den einaste vi manglar er Asgeir Borgemoen!