4. og 5. mai er heile Hardanger på føtene. Då kjem folk frå regjeringa for å sjå nærare på spørsmålet om kabel eller luftspenn.

— Vi vil ta godt i mot dei. Møta dei med respekt. Det har vi tradisjon for i Hardanger. Men vi vil og gjera det klinkande klart for dei som kjem kva standpunkt hardingane står på i denne saka, seier leiar for for Folkeaksjonen i Hardanger, Jan-Ivar Rødland, til bt.no.

Etter det Rødland har oppfatta, kjem det folk både frå Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet til Hardanger.

Rødland er ikkje imponert over forslaget til endringar i energilova som vart kjende før helga.

Leiaren for Senterpartiet i Hordaland, Steinulf Tungesvik, meiner at olje- og energiminister Terje Riis Johansen (Sp) med dette forslaget skapar eit langt betre utgangspunkt for alle som krev kabel der godt synlege luftspenn skjemmer ut landskapet.

Les også: Får byggje gigant-kraftline

Lite nytt

Tungesvik viser då til formuleringar som går ut på at kabling alltid skal vurderast, også i saker som handlar om svært høg spenning, som 420 kV frå Sima til Samnanger.

  • Eigentleg er det overraskande lite nytt i forslaget. Folkeaksjonen i Hardanger registrerer at departementet vil vektlegga nye fargar og design på «monstermastene». Dei vil heller gjera bruk av kabel på dei lågare spenningane, då dette gjev flest meter kabel for pengane. Dette er rein repetisjon av NVE og Statnett sin argumentasjon dei siste 5 åra, ord for ord. Det syner tydeleg at departementet ikkje viser forståing for kor øydeleggande og dominerande desse installasjonane er i vår fjellnatur, seier Jan Ivar Rødland.

Fiskar i rørt vatn

Leiaren i Folkeaksjonen er samtidig ordførar i Granvin for Arbeidarpartiet. Men han har ikkje mykje godt å seia om sitt eige parti heller. På landsmøtet, som vert avslutta tysdag, ligg det eit par forslag til fråsegner om kraftlinesaka. I sentralstyret sine merknader er det snakk om kor dyrt det er med kabling samanlikna med luftspenn.

Samtidig fiskar SV og dei borgarlege partia i rørt vatn og nærast garanterer kabel i Hardanger dersom dei får makt etter stortingsvalet i haust.

— Dersom regjeringa lovar avgjerd i denne saka før valet, er eg optimistisk. Vert avgjerda utsett til etter valet, er det grunn til uro, seier Jan-Ivar Rødland.

Sei di mening om kraftstriden her.

KNUT STRAND