— Bruvedtaket må sjølvsagt feirast. Vi er eit hundretals hardingar som dreg over til Oslo for å fylgja Stortinget si handsaming av Hardangerbru-saka. Mellom dei alle ordførarane frå brukommunane, seier primus motor for festplanane, Sverre Kleivkås, til Bergens Tidende.

Sverre Kleivkås er leiar i Aksjon Hardangerbru. Det var han som skipa til fakkeltoget og hyllinga av transport- og kommunikasjonskomiteen på Hotel Ullensvang onsdag 25. januar, etter at komiteen kollektivt hadde lova ja til Hardangerbrua.

Truleg hadde reisefylgjet til Oslo vorte monaleg større om det hadde vore sommar i staden for høgste vinter.

— Men vi har påmelding til og med 16. februar, så enno er det von for dei som har lyst på turen, seier Kleivkås.

— Kva skal de finna på rundt Stortinget?

— Vi dreg med bussar over Hardangervidda om natta. Ved 7-tida er vi i Oslo, og då vert det felles frukost. Deretter stiller vi opp ved Stortinget for å helsa på representantane når dei kjem. Eg reknar med at mange av oss vil vera i bunad. Vi vil og syta for kulturelle innslag utanfor Stortinget.

— Deretter tek dei som vil plass på Stortingsgalleriet. Stortingsmøtet startar klokka 10, og etter det vi veit, kjem Bergensprogrammet først. Så Hardangerbrua.

Klokka 18 same kvelden samlast hardingane til fest i Oslo Militære Samfund.

— Vi har med oss ei rad med kokkar og mykje god mat. Kokkane skal stella i stand ein ekte hardingakveld, og det skal serverast mykje god sider. Musikk skal framførast av fylkesmusikarane Einar Mjølsnes, Frank Rolland og Reidun Horvei.