Lekve har påklaga stoppordren han fekk frå Sosial— og helsedirektoratet. Direktoratet meiner internettsida inneheld ulovleg alkoholreklame. Lekve inviterer direktoratet sine folk til Ulvik. Han lovar god mottaking og eit fint opphald.

Svarteper

Vinmonopolet fekk i 2002 ei særordning og driv same slag produktopplysning som Nils J. Lekve i Hardanger Saft- og Siderfabrikk er pålagt å slutta med.

— Når dei same opplysningane vert lagt ut på heimesida til mi bedrift, så har direktotaratet «døypt» desse opplysningane om til reklame, skriv Lekve i klagen.

Han meiner at ingen bedrifter kan overleva på sikt når statlege organ ikkje kan samordna interessene sine. Når nokon gir gass (Innovasjon Norge) og andre står på bremsen (direktoratet), så er det gründeren som har satsa tid og pengar som vert sitjande med svarteper.

Fleire har reagert på meldinga i Bergens Tidende om fruktbonden i Ulvik og siderflaskene på nettsida hans. Lars Sponheim arbeider med eit lovforslag som skal sikra hardingane rett til å profilera sider på nett. Terje Søviknes tek saka opp i fylkesutvalet.

- For dumt

— Lekve kan omgå dette ved å serva nettsida si frå utlandet, men det blir for dumt, seier sambygdingen Lars Sponheim. Han arbeider no med eit representantframlegg (tidlegare kalla Dokument 8-framlegg) i Stortinget. Den tidlegare landbruks- og matministeren vil liberalisera lovverket enda meir enn det han fekk til i regjeringssamarbeid med KrF.

Sponheim vil også tillata eit klart avgrensa demonstrasjonssal på fabrikken. Turistar og andre som er innom og får orientering om sidertradisjonen, må kunne kjøpa med seg ei flaske med 0,75 liter ferdigprodukt, meiner han.