Sidan i fjor sommar har turistverten ved Melkevoll Bretun i Oldedalen tilbydd turistar ei noko spesiell innkvartering, i tillegg til den tradisjonelle campingplassen.

60 kvadrat

— Eg vil gje gjestene ei oppleving ut over det vanlege. Hit kjem både små og store grupper for å overnatte i hola, fortel turistvert Inge Melkevoll. - Vi har sitjeplass til rundt 50 personar her inne, og det er rundt 20 briskar å ligge på.

Sidan han opna det uortodokse overnattingstilbodet i fjor sommar har fleire hundre gjester tilbrakt natta her inne under tonnevis med stein. Også mat og drikke kan verten sørgje for å servere gjestene inne i fjellet. Men i grunnprisen på 80 kroner pr. person er berre ein skinnfell og ein hard trebrisk inkludert.

Hola er på nærare 60 kvadratmeter, og har ein stor lysopning, grue og to utgangar i tillegg til briskane.

Under utgravinga av hola fann Melkevoll restar av treverk i grunnmorenen. Dette treverket har han har fått C14-datert, og det viser seg å vere nær 6000 år gammalt.

Ei test-natt

Det var altså ikkje utsiktene til maksimal komfort og fasilitetar som drog Per-Olav Berglid, sonen Robin og kameraten Vegard Sætren Bøe til holeovernatting. Dei tre kom til Oldedalen laurdag kveld, og tok overnatting i steinhola framfor ein søndag på breen.

— Eg såg dette omtalt i ei lokalavis, og var innom og kikka på hola for ei tid sidan. Så bestemte vi oss for å prøve, seier Berglid, og rullar ut soveposar og underlag saman med dei to 14-åringane. I kveld skal dei fyre opp grillen her inne og kose seg.

— Dette er ei slags test-natt for oss. Eg trur det kan bli kjekt når vi får tent opp lys og bål, seier han. - Her er jo verken straum eller vatn, så dette gjer vi berre for opplevinga og sjarmen ved det. Hotell og campinghytter er jo nokså like overalt. Dette er noko anna.

60-årsdag i hola

For verten er holeovernattinga ein del av eit større tilbod som inkluderer brevandring, natursti og buldring (steinklatring utan tau).

Hola som Melkevoll delvis har gravd ut sjølv under eit par gigantiske steinar, rommar servering eller overnatting for relativt store grupper. Firmaturar og utdrikningslag er ikkje uvanleg, men også små grupper som den i dag kjem.

— Vi har all slags gjester her. Ei dame frå Volda feira 60-årsdagen sin her, saman med slekt og vener, seier Melkevoll.

Så du treng altså ikkje vere i slekt med Fred Flintstone for å finne deg til rette her. Men det skadar sikkert ikkje heller.

KLAR FOR STEINALDERNATT: Pappa Per-Olav Berglid, Robin Berglid (14) og kameraten Vegard Sætren Bøe (14) er klare for holenatt. Neste dag er planen å gå på brevandring.