— Høgre er eit kaldt parti, sa Terje Hermansen, Ap.

— No er debatten komen ned på eit nivå som denne saka ikkje fortener. Nei, eg har ikkje ord, svara fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, drivande kraft bak Prosjekt økonomisk handlefridom.

— Det osar ikkje nestekjærleik av dette, sa Liv Oda Dale, også frå Ap.

Den replikken kom etter eit innlegg frå Oddvar Johan Jensen, KrF, som tok det til seg. - Dersom det var meint å seia noko om mi haldning til dei svake i samfunnet, så tykkjer eg Liv Oda Dale bør beklaga det ho sa.

Liv Oda måtte ro seg i land.

— Det var ikkje KrF eg meinte.

Vil dela ansvaret

— Kva treng vi økonomisk handlefridom til? Jau, nettopp for å kunna gje meir til dei som treng det mest. Men her prøver fylkeskommunen å skaffa seg økonomisk handlefridom ved å ta midlar frå dei som treng det mest, sa Torstein Dale, RV.

Men fleirtalet let seg ikkje rikka. Høgre, Frp og KrF fekk med seg både Senterpartiet og Venstre. Fylkestinget vedtok altså å sjå nærare på ansvarsdelinga når det gjeld opplæring av funksjonshemma. Det gjeld særleg spørsmålet om Helse-Bergen, altså staten, har eit lovfesta ansvar for delar av dette dersom tilbodet har meir karakter av behandling enn av opplæring. Men fylkeskommunen vil og ta kontakt med aetat, trygde- og sosialkontor.

Millionar å spara

Dei skulane som kjem i søkjelyset i denne saka, er Kyrre skule i Bergen, Ulriken skulesenter, med avd. Vestlund og Logopedisk klinikk, og Valekrossen skule ved Valen sjukehus i Kvinnherad.

I tillegg gjeld det retten til 4. og 5. skuleår i vidaregåande skule for elevar med funksjonshemmingar. Med trongare nålauga inn til 4. og 5. skuleår trur fylkeskommunen det kan sparast vel fem millionar kroner.

På Kyrre skule skal det vera mogleg å spara tre millionar kroner. Fylkestinget vedtok at to av desse millionane skal nyttast til å auke satsinga mot ungdomsgruppa 16 til 25 år. Også på Vestlund kan det sparast tre millionar kroner.

På Logopedisk klinikk kan det sparast fire millionar kroner, meiner fylkeskommunen.

Nilsen i knipe

Frå fleirtalet vart det åtvara mot å skræma brukarane av desse tilboda til å tru at dei gjekk ei uviss framtid i møte. Men hjå mindretalet i saka, Ap, SV og RV, kom heile tida mistanken fram at fleirtalet var innstilt på å spara pengar på dei funksjonshemma, same kva som vart utfallet av samtalar med moglege samarbeidspartnarar.

På den andre sida vedgår Tom-Christer Nilsen at han sit i ei knipe når BT stiller han spørsmålet direkte.

— Har fleirtalet bestemt seg for å spara pengar på tilbodet til dei funksjonshemma uansett; sjølv om de ikkje finn nokon som vil vera med å dela ansvaret?

— Dersom eg svarde klårt på det, så ville eg øydeleggja vår forhandlingsposisjon før vi skal i samtalar med til dømes Helse-Bergen. Då ville vi ikkje ha noko å snakka med dei om.

— Dette betyr at eg heller ikkje kan lova dei funksjonshemma nøyaktig det same tilbodet om opplæring som dei har no. Men eg kan lova at dei skal få eit likeverdig opplæringstilbod.

— Har de hatt noko kontakt med Helse-Bergen om dette så langt?

— Nei, fyrst var det naudsynt å få dette avklåra i fylkestinget, svarar Tom-Christer Nilsen.