Nedlegging av brøytekantar og fjerning av rekkverk er i framlegget til statsbudsjett nemnde som avbøtande strakstiltak. Der rekkverk vert fjerna, skal sidearealet til vegen planerast ut for å oppretthalda trafikktryggleiken.

Direktoratet for naturforvaltning har gjort framlegg om å stenga riksvegen over Hardangervidda i vintermånadene slik at reinsflokkane kan kryssa uhindra. Vegstellet vil heller bygga tunnelar der reinen sine trekkvegar kryssar bilvegen.

Samferdsledepartementet legg vekt på at riksveg 7 ikkje er stamveg på denne strekka, og ser ikkje grunnlag for store investeringar i tunnelar no. Stenging av vegen vil ha negative konsekvensar mellom anna for reiseliv og anna næringsliv. Men departementet minner også om at vegen ikkje er å sjå på som heilårsveg, og stenging i kortare eller lengre uvêrsbolkar må påreknast.