Vegdirektør Olav Søfteland har skissert to alternativ for Vestlandsregionen, der Bergen er tilrådd som regionsenter.

I det eine alternativet blir Vegstasjonen i Odda filial under Haugesund, og Haugaland distrikt strekker seg Eidfjord.

Nordsida av Hardangerfjorden (Kvam, Granvin og Ulvik) skal saman med Indre Sogn etter dette alternativet sokna til Voss. Heile Hardanger kjem derimot i same distrikt i Søfteland sitt alternativ 2, med Odda som filial under Voss.

Dette alternativet gir også opning for to distrikt i Sogn og Fjordane, med vegkontor både på Leikanger og i Førde.