— Brua vert absolutt ikkje noko forhandlingstema. Derfor er det svært uheldig at Valle skapar tvil om dette no, seier Jon Olav Heggseth (Ap) som både er ordførar i Ulvik og leiar i Hardangerrådet.

Han fortel til Bergens Tidende at vonbrotet var stort i heile regionen då folk opna BT fredag og las intervjuet med SV-representanten. På vegnar av alle dei sju ordførarane i Hardanger - som støttar det raud-grøne regjeringsalternativet - står han fram og manar til ro. Heggseth er heilt trygg på at så vel Arbeidarpartiet som Senterpartiet vil stå fast på dei løftene som er gitt, nemleg at Hardangerbrua skal byggjast.

— Det er svært beklageleg at Ågot Valle skapar ny uvisse, for i verste fall kan vi risikera at folk som elles ville røysta på eit av de tre raud-grøne partia no kan sjå seg tente med å røysta borgarleg, seier Heggseth.

- Splitt og hersk av Ågot

Også varaordføraren i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard (Sp), er lei for at Valle grip til det ho kallar ein splitt og hersk-metode, ved å setja Jondalstunnelen opp mot Hardangerbrua.

— Jondalstunnelen er jo fullfinansiert, og svært mykje av pengane som skal finansiera Hardangerbrua er knytt nettopp til dette prosjektet. SV tar feil når partiet trur at pengane kan brukast til andre ting.

Eg stiller elles spørsmål ved det demokratiske sinnelaget til SV-politikaren. Ho veit at det er stort fleirtal i kommunane her i Hardanger for brua. Vedtaka i dei folkevalde organa dokumenterer det, seier Brattabø Handegard som og er fylkesleiar i Senterpartiet i Hordaland og andrekandidat på stortingslista.

- Valle avgjer ikkje

Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) vil heller ikkje sitja i ro utan å ta til motmæle mot Ågot Valle. Ho slår fast at det ikkje må vera nokon som helst tvil om Arbeidarpartiet sitt syn.

— Dessutan er det ikkje Valle som skal avgjera kva tema det vert forhandlingar om, dersom det vert raud-grønt fleirtal etter valet.

I motsetning til då saka var oppe til handsaming i 1996, er Arbeidarpartiet denne gongen heilt samstemt for å byggja bru, og vi må elles ikkje gløyma at hardingane sjølv skal betala størsteparten av gildet, seier ho.

Folkerøysting?

Terje Kollbotn, som er leiar i Hordaland RV, protesterer derimot mot alle som påstår at «heile Hardanger» er for bru. Han krev folkerøysting i Hardanger, noko Torstein Dahle vil gjera framlegg om dersom han kjem på Stortinget.

— Det held ikkje når regjeringa seier at dette er ei «gåvepakke» til Hardanger. Det er ei avsporing i høve til andre viktige oppgåver. I tilfelle brua vert bygt, kjem andre viktige prosjekt til å bli skuvde ut i tid, seier Kollbotn.