Konklusjonen frå Havforskningsinstituttet sine lakselusteljingar i mai ligg no på bordet: I Sognefjorden og i Hardangerfjorden fann forskarane ikkje meir enn to lakselus per fisk som vandra frå elvane og ut i havet for å vekse seg gyteklar.

Det er langt under den kritiske grensa på 10 lus per fisk, og funna tyder på at den utvandra laksen vil overleve.

— Det er veldig positivt begge stadane, seier havforskar Jens Christian Holst.

Dødeleg snyltar

Lakselus er ein krepseart som lever som ein snyltar på laksen. Den et seg gjennom skinnet på fisken og lagar sår som opnar for sjukdomssmitte og uttørking.

Den sterke framveksten av oppdrettsnæring har gitt lakselusa kolossalt mange fleire vertar å snylte. Utan kontroll og tiltak for å halde lusebestanden i sjakk risikerer utvandrande laks om vå-ren å måte ei sky av lus ute i fjordane. Då Havforskningsinstituttet byrja med lakselusteljingar i Sognefjorden på slutten av 90-talet vart det registrert over 100 lus per fisk, over ti gongar dødeleg dose. Forskarane rekna med at storparten av den utvandra laksen døde den første månader i havet.

Hardanger ille ute

Medan forskarane har fleire års erfaring i Sognefjorden er årets tokt det aller først i Hardangerfjorden.

Holst meiner resultat viser at oppdrettarane har lukkast med sine tiltak for å redusere luseplaga.

Kan lusemengda haldast nede på dagens nivå har laksefisket i Hardanger sjansen til eit nytt oppsving.

Elvane i Hardangerfjorden er dei som er aller verst råka av lakselusangrep på villaksen. Så hard at elvane inst i fjorden har vore freda dei siste åra.

LUSEPROBLEM LØYST: - Store delar av landet var råka på 90-talet, men no ser vi ei sterk betring. I dag gjenstår eigentleg berre Hardanger, men eg er overtydd om at vi i framtida vil sjå sterke laksestammer igjen også her, seier havforskar Jens Christian Holst (til høgre). På biletet heiser han og kollega Aleksander Andersen opp trålen etter eit lusetokt i Hardanger. Foto: JAN M. LILLEBØ