Fiskeridirektoratet har trekt konklusjonen etter gjennomført overvakingsprogram for prøvedyrking av blåskjel fleire stader i Hardangerfjorden innanfor Varaldsøy over fleire år.

Blåskjel frå fjorden er analysert for tungmetall, miljøgift, algegift og bakteriar. Departementet har på denne bakgrunnen opna for løyve til blåskjeldyrking.

Potensielle dyrkarar var kjappe med stabla Hardanger Skjeldyrkarlag på beina. Interesselaget vart skipa sist onsdag, med Olav Nordal som første leiar. Sven-Helge Pedersen har vore prosjektleiar for overvakingsprogrammet.