Tang og tare veks om lag like frodig i dag som på 1950-talet, førekomsten av kråkebollar er også tilnærma lik, konkluderer instituttet etter årets gransking av fjorden innanfor Ånuglo i Tysnes.

— På bakgrunn av all industrien og næringsaktiviteten som er komen til, er det overraskande resultat av undersøkingane, seier Vivian Husa, ein av forskarane bak kyst- og fjordøkologiprogrammet Epigraph.

Trass påvising av auka mengder grønalgar og japansk sjølyng, står Havforskningsinstituttets funn i skarp kontrast til rapporten frå Norsk institutt for vannforskning (NIVA) sist vinter.

Algeførekomst

NIVA slo fast at spillfôr og avføring frå oppdrettsnæringa hadde ført til sterk tilgroing i Hardangerfjorden. Nitrogenutslepp frå oppdrettsanlegg er gjødselstoff for grønska i sjøen, lange trådalgar som blømer opp om sommaren.

Havforskningsinstituttet meiner at auka sjøtemperatur er årsak til at det er større algeførekomst enn før.

Medan NIVA i sin 2007-rapport slo fast at sukkertaren så å seia var forsvunnen i indre deler av Hardangerfjorden, finn Havforskningsinstituttet at den same taretypen lever i beste velgåande både ved Eidfjord og Strandebarm.

Også fingertare er funne i dei same områda som for femti år sidan.

Havforskningsinstituttet har undersøkt ti stasjonar i Hardangerfjorden i 2008, fem i fjordarmane og fem i hovudbassenget. Innsamlinga er, ifølgje instituttet, gjort tilsvarande som dei på 1950-talet. Fjorden frå Ånuglo og utover skal undersøkjast neste år.

Japansk sjølyng

Japansk sjølyng er ein raudalge som er innført i norske farvatn truleg med handels- eller fiskefartøy. Den blei påvist første gong i Austevoll i 1996, og har no spreidd seg innover i Hardangerfjorden.

Japansk drivtang, også den ein introdusert art, er derimot ikkje observert i fjorden.

— Prøvane som er samla inn i år blir undersøkte nærmare utover hausten. Vi skal også sjå på utviklinga når det gjeld førekomst av brisling og korallrev, seier havforskar Vivian Husa.

- På bakgrunn av all industrien og næringsaktiviteten som er komen til, er det overraskande resultat av undersøkingane, seier Vivian Husa, ein av forskarane bak kyst- og fjordøkologiprogrammet Epigraph.
Arne Nilsen (arkiv)