Medan Vossabunaden kjem dalande i fallskjerm frå fjellgarden Kjeåsen i Simadal, tek to jenter i Hardangerbunad oppstilling i krysset i Granvin ved Vallaviktunnelen.

Sjølv om stuntet er mindre spektakulært enn Even Rokne si landing framfor statsministeren i Simadal, er Gudrun Folkedal og Rut Hunnes sin demonstrasjon minst like symbolfylt. Bunadsskjortene har sørgjeband på overarmen, og jentene har plakaten klar.

Dei valde staden med omhug. Frå midtrabatten kan dei stiga rett ut i fotgjengarfeltet, og bilen med statsministeren må stogga medan dei går over vegen.

Nokre hundre meter nærare sentrum gjer ein flokk skuleelevar seg klare til demonstrasjonstog frå Granvin Barne— og ungdomsskule.