Litt før klokka 14 i dag var det klårt at ein samrøystes komité hadde røysta for bygging av Hardangerbrua mellom Vallavik og Bu.

Men det er ikkje full semje om korleisbruprosjektet skal gjennomførast. Framstegspartiet vil i Stortinget fremja sitt eige forslag. Frp vil at Hardangerbrua skal byggjast, men at ho skal byggjast av statlege midlar og utan bompengar.

Alle dei andre partia sluttar seg til stortingsproposisjonen som vart lagt fram av Bondevik-regjeringa, og førd vidare av Stoltenberg-regjeringa.

Dette betyr at Hardangerbrua er sikra fleirtal i Stortinget tysdag 28. februar. Bygginga av sjølve brua tar venteleg til i 2008, og opninga vert då i 2011.

Hardangerbrua er rekna å kosta ca. 1,8 milliardar kroner. Ho får eit fritt spenn på 1.310 meter, og brutårna vert 186 meter høge. Det er fire gonger høgare enn rådhuset i Bergen.