Det var i brev datert 4. juli at Samferdsledepartementet gav Statens vegvesen endeleg grønt lys for å senda Hardangerbrua ut på anbod. Departementet kjende seg då trygg på at kostnadene for brua var under kontroll. Ei kvalitetssikring gjennomført av konsulentselskapet Metier AS synte til og med at kostnadene for Hardangerbrua kunne verta lågare enn det som Stortinget føresette då brua vart vedteken 28. februar 2006.

Kostnaden uendra

Med vedtaket om å frigje Hardangerbrua for anbodskonkurranse legg Samferdselsdepartementet til grunn same styrings— og kostnadsramme som Stortinget gjorde i 2006. Omrekna til 2007-kroner gjev det ei kostnadsramme for brua på 2.280 millionar kroner.

Sist haust og i vinter såg det ut til at prisane i entreprenørmarknaden ville tvinga Hardangerbrua attende til ny handsaming i Stortinget. Det siste halve året ser det ut til at dette har roa seg.

Stram marknad

Metier AS summerer opp sitt inntrykk av entreprenørmarknaden slik:

Tilførslevegane: Marknaden er framleis stram. Men det er konkrete signal om meir ledig kapasitet enn i 2007.

Betong: Framleis stram marknad, og det påverkar prisane. Men ting tyder på at vi kan få ein god konkurransesituasjon som kan verka gunstig.

Stål: Marknaden er stram, men interessa frå aktørane syner at det ligg til rette for ein god konkurranse. Men det er viktig at Hardangerbrua kjem ut før brua over Messinastredet.

HARDANGERBRUA: Slik kan brua verte.ILLUSTRASJON: ARKIV