Det var i spontanspørjetimen om formiddagen, onsdag 11. mai, det gjekk føre seg. Rune Skjælaaen stilte då eit spørsmål til samferdsleminister Torild Skogsholm. Skjælaaen opna spørsmålet med å visa til at Petter Løvik på folkemøtet i Eidfjord 4. april lova at partiet hans (Høgre) skulle få Hardangerbrua fram for Stortinget før ferien.

— Terje Breivik frå Venstre ville avlive myten om at partiet hans var mot bygging av brua, og garanterte på vegne av samferdsleminister Torild Skogsholm at regjeringa ville leggja fram forslag i Stortinget om bygging av Hardangerbrua.

— Spørsmålet mitt er: Handlar dette om dårleg kommunikasjon mellom regjeringspartia her i Stortinget og regjeringa, eller er det slik at regjeringspartia og Venstre, ved generalsekretæren, snakkar folk etter munnen og gjev lovnader på folkemøte? - Alle gjekk heim og var sikre på at no var Hardangerbrua sikra, sa Skjælaaen.

Kunne ikkje svara

— Eg reagerer sterkt på det som Skjælaane sa og at han nemnde meg med namn. Og særleg fordi det vart sagt i ein spontanspørjetime som vert sendt direkte på fjernsyn, og der eg ikkje har høve til å svara, seier Petter Løvik til Bergens Tidende. Berre medlemer av regjeringa skal svara. Mrk. frå red.)

Løvik presiserer at det han sa i Eidfjord, var at han, og Høgre, ville gjera det dei kunne for å få Hardangerbrua fram for Stortinget før sommarferien.

— Og Skjælaaen var til stades i Eidfjord.

— Ja, men seinast på folkemøtet i Eidfjord må Petter Løvik ha visst kor saka stod. Som samferdslepolitikar kjenner han til dei formalitetane som Hardangerbrua må gjennom før ho kjem til Stortinget, seier Rune Skjælaaen.

Høgt tempo

Og kva svarde samferdsleminister Torild Skogsholm på spørsmålet frå Rune Skjælaaen:

— Eg er forundra over at desse spørsmåla kjem opp. Stortinget er nemleg godt kjende med saksgangen som Hardangerbrua skal gjennom. Det er Stortinget sjølv som har bestemt det slik. Eg har vore på høyringar i Stortinget i liknande saker og fått tydelege meldingar om at Stortinget treng solid dokumentasjon på alle sider ved ei sak. Det er dette vi fylgjer opp. I Hardangerbru-saka held vi eit høgt tempo. Og det er framleis mitt mål at brusaka skal leggjast fram for Stortinget i denne sesjonen, sa Torild Skogsholm.