Frå sentralt hald i regjeringa får Bergens Tidende stadfesta at Hardangerbrua ikkje står på saklista under dagens møte i statsråd. BT får også stadfesta at brua vert sak fredag 7. oktober, som er det siste statsrådet for Bondevik-regjeringa.

Dette kan vi ikkje anna enn tru på. For alle statsrådane med særleg interesse for denne saka, samferdsleministeren pluss tre statsrådar frå Hordaland, har garantert at stortingsproposisjonen om Hardangerbrua skal fremjast av «denne regjeringa».

Fallhøgda er dermed enorm i denne saka. Og magaplasket vert dess større om statsråd 7. oktober skulle gå av stabelen utan Hardangerbrua.

Hindra SV

BT kjenner til spekulasjonar om at regjeringa med vilje har venta til siste møtet for å hindra SV i å nytta proposisjonen om Hardangerbrua som handelsvare i regjeringstingingane med Ap og Sp. Dei to SV-representantane frå Hordaland, Ågot Valle og Audun Lysbakken, har begge sagt at partiet vil gjera Hardangerbrua til eit tema i tingingane, med det mål at proposisjonen vert dregen attende.

SV er det einaste partiet på Stortinget med eit uttalt standpunkt mot Hardangerbrua. Men heilt samla er partiet ikkje. SV sin einaste stortingsrepresentant frå Buskerud, Magnar Bergo, er like ihuga for Hardangerbrua som partifellene frå Hordaland er mot.

— Eg har teke mitt standpunkt ut frå kva som er best for Hallingdal, seier Magnar Bergo til Bergens Tidende.

— Vil partiet tillata at du røystar ja til Hardangerbrua når saka kjem opp i Stortinget?

— Eg vil be om å få lov til det, og reknar med at det går bra, seier Magnar Lund Bergo.

Verst for Telemark

Men om Hallingdal og resten av Buskerud går for Hardangerbrua, ser mange telemarkingar med skrekk og gru på at det skal byggjast bru over Hardangerfjorden.

— I Telemark er dei redd Hardangerbrua fører med seg opprusting og stamvegstatus for Rv. 7 over Hardangervidda. Så vert det krav om opprusting av tilkomstvegar. Med det resultat at E134 over Haukeli vert nedprioritert og får mindre ressursar, seier Sigvald O. Hansen, som er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Telemark.