JOHN LINDEBOTTEN

Vegdirektoratet har nett sendt Hardangerbrua frå seg til avsluttande handsaming i Stortinget. Men det er uvisst kor lenge brua vert liggjande i departementet.

Grunnen er at Samferdsledepartementet må senda brusaka til såkalla «ekstern kvalitetskontroll» før ho kan gå vidare med tilråding til Stortinget.

Det er kostnadstala for brua som må kontrollerast. Slik kontroll skal gjennomførast for alle anlegg over 500 millionar kroner. Prisen for Hardangerbrua er så langt rekna til 1.670 millionar.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen likar ikkje tanken på at Hardangerbrua kan verta utsett. Nilsen har nett gledd seg over at Vegdirektoratet held fast på trafikkprognosane frå før jul når dei sender Hardangerbrua frå seg til departementet.

— Det gjev grunnlag for å kjøpa ein renteopsjon som gjer at brua kan klara seg med mindre enn dei 115 millionar riksvegkronene som ligg i fylkestingsvedtaket om finansieringa av brua, seier Nilsen. No er han redd for at ei utsetjing kan gjera om denne fordelen dersom renta stig i mellomtida.

Seinast til 17. mai

Ein ekstern kvalitetskontroll av kostnadsoverslaget kan ta frå nokre få veker opp til to-tre månader, og då sprikk den «timeplanen» som mange såg føre seg for Hardangerbrua, med stortingsvedtak i slutten av juni i år.

— Rundt pinse, eller til 17. mai, må vi ha brua om vi skal kunna handsama ho på ein forsvarleg måte før sommaren, seier Petter Løvik (H), som er formann i samferdslekomiteen.

Samferdsleminister Torild Skogsholm kan nok klara å halda lovnaden sin om å fremja brusaka for Stortinget før sommarferien. Om Stortinget får saka uti juni, vert ho likevel liggjande til hausten.

Ikkje nasjonal tryggleik

— Men vårsesjonen i Stortinget varer ut heile september, seier politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, Sverre Molandsveen.

— Det er rett at det noverande Stortinget sit til 30. september. Men i september er det val og valkamp. Og truleg er det berre saker som gjeld nasjonal tryggleik som kan få Stortinget til å koma saman til møte i den perioden, seier Petter Løvik.