— Eg er ikkje prinsipielt i mot Hardangerbrua, men vi må sjølvsagt sjå på korleis vi skal prioritera når vi kjem så langt, seier Geir-Ketil Hansen (SV) frå Nordland til Bergens Tidende.

— Særleg må vi bruka meir pengar på rassikring. Kanskje ein større del burde øyremerkast, legg han til.

Samferdslekomiteen var på veg i buss frå Ullensvang Hotel på Lofthus, og hadde nett stoppa nokre minutt i Bugjelet, ein kilometer før ferjestaden Brimnes. Vegen var rein og fin etter det store raset i mars, men både ovafor og nedafor ser det enno ut som ei slagmark, med skitne snømassar rota i hop med umåtelege mengder sundslegen bjørkeskog.

Bugjelet vert rassikra

Der og då var det fleire enn Geir Ketil Hansen som fekk ei aning om kva folk i Hardanger risikerer vinterstid. Men kjem det meir raspengar? Det var det uråd å få ut av komiteen. Ikkje så rart, forresten, når dei litt før, på hotellet, hadde fått høyra at det krevst to milliardar kroner for å sikra 90 prosent av dei registrerte raspunkta som er att i Hordaland.

Men Petter Løvik (H), komitéleiaren frå Møre og Romsdal, har løysinga for Bugjelet på reie hand:

— Lenger nede mot sjøen skal det byggjast bru over gjelet fram mot Hardangerbrua. Då er denne rasstaden sikra i alle fall. For Hardangerbrua kjem, seier Løvik.

— Jondalstunnelen óg?

— Jondalstunnelen óg. Sjølvsagt. Det er berre spørsmål om når.

Kva meiner SV?

I den retningen svarar dei omtrent alle.

— Vi vil normalt fylgja rådet frå våre partifeller i Hordaland. Men vi må sjå på prioriteringane og omsynet til villreinen, svarar Oddbjørg A. Starrfelt, (Ap) i Rogaland, på spørsmål om Hardangerbrua.

— Vi ventar at regjeringa legg fram ei sak om overgangsordninga for store fylkesveganlegg, der Jondaltunnelen er det eine. Då vil vi ta stilling til kor mykje som skal liggja i ordninga av ekstra midlar. Vi har med oss SV, og då står det på Framstegspartiet, seier Starrfelt.

Ja, har dei SV? Då BT i går stilte spørsmål direkte til Heidi Sørensen og Geir Ketil Hansen, var svaret:

— Det er ei sak som vi ikkje har diskutert, så det kan vi ikkje seia noko om no.

Verken ja eller nei

I går var Frp sine to i komiteen, Kenneth Svendsen og Thore Nistad, fråverande. Difor var det uråd å få greie på kor langt Arne Sortevik har nådd i arbeidet sitt med å snu stortingsgruppa til ja for overgangsordninga. Arne Sortevik fortel at han arbeider med saka.

— Men enno har eg ikkje 50 millionar kroner, seier han.

KrFs Odd Holten varslar for sin del sterke tvil til overgangsordninga. Høgre har heile tida vore i mot, men spør du Petter Løvik direkte om Jondaltunnelen kan rekna med ekstra midlar utanom riksvegramma, seier han verken ja eller nei. Men presiserer at Stortinget ikkje kan løyva midlar til noko vegprosjekt før planane er fiks ferdige. Og i fylgje vegsjef Ole Chr. Torpp er dei ikkje det før tidlegast i 2005.

Skrekkvisjonen

På morgonmøte i går på hotellet freista Petter Løvik å få fylkesordførar Gisle Handeland ut på glattisen med spørsmål om korleis fylket ville prioritera dersom Jondaltunnelen og Hardangerbrua kom på same prioriteringsliste og måtte konkurrera på det same budsjettet.

Berre tanken på at noko slik kan skje, får håret til å reisa seg på fylkespolitikarane.

— Dette er rein hypotese. Vi tenkjer ikkje på det, men føreset at Jondaltunnelen er eit fylkesvegprosjekt, og Hardangerbrua eit riksvegprosjekt, vreid Handeland seg unna.

ETTER RASET: Under turen i indre Hardanger i går stoppa Samferdslekomitéen i Bugjelet, nær Brimnes. Vegsjef Ole Chr. Torpp orienterer komitémedlemmene om det store raset som fylte gjelet før påske.
FOTO: RUNE SÆVIG