Hardangerbrua ferdig i 2011

Det som måtte vera att av spaning omkring Hardangerbrua vart borte med innstillinga frå Transport- og kommunikasjonskomiteen i går. I 2011 skal brua stå ferdig.

* Sjå stor grafikk av brua

Det er ein samrøystes komité som går inn for at Hardangerbrua skal byggjast. Men det er ikkje full semje om korleisbruprosjektet skal gjennomførast. Framstegspartiet vil i Stortinget fremja sitt eige forslag. Frp vil at Hardangerbrua skal byggjast, men at ho skal byggjast av statlege midlar og utan bompengar.

- Framstegspartiet sitt forslag betyr i realiteten at dei vil ha Hardangerbrua utsett, seier saksordførar Øyvind Halleraker, H. Halleraker er stornøgd med at saka er komen så langt med solid fleirtal bak seg.

- Dette er ein stor dag for Hordaland og for Hardanger, som får eit fantastisk byggverk, seier han.

Framstegspartiet får nok ikkje ynskjet sitt om bompengefri bru oppfyllt, sjølv om dei også dei andre partia kunne tenkt seg same løysinga. Bompengar vert innført truleg alt i år på ferja mellom Bruravik og Brimnes.

- Så snart som mogleg etter stortingsvedtaket 28. februar, vil vi ta kontakt med HSD for å høyra korleis dette kan gjennomførast. Vi vil ha bompengar innført på ferja så fort det er praktisk mogleg, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, til Bergens Tidende.

Bompengar på ferja
Frårekna Frp sluttar alle dei andre partia seg til stortingsproposisjonen som vart lagt fram av Bondevik-regjeringa, og førd vidare av Stoltenberg-regjeringa. Det betyr at dei som skal køyra over brua må betala tilsaman nesten 1,5 milliardar kroner i bompengar, som er to tredjedelar av finansieringsbehovet på 2,2 milliardar kroner. Resten vert delt mellom Hordaland fylkeskommune, sju brukommunar og staten.

Hardangerbrua er med andre ord sikra fleirtal i Stortinget tysdag 28. februar. Bygginga av tunnelane fram til brutårna startar truleg i 2007, slik at arbeidet med sjølve brua kan ta til i 2008. Bruopninga vert då i 2011.

Brua får eit fritt spenn på 1.310 meter, seglingshøgda vert 55 meter, og brutårna vert 186 meter høge. Det er fire gonger høgare enn rådhuset i Bergen.

Støtte til Kvanndal-Utne
Som vanleg i slike saker, vert det knytt mange merknader til innstillinga som vert lagt fram for Stortinget. Etter nyttår har det særleg koka litt rundt spørsmålet om framtida for ferjesambandet Kvanndal-Utne.

Heile komiteen er samd i at ferjesambandet må haldast oppe og vera tenleg for brukarane. I dette fleirtalet skil Framstegspartiet seg ut ved at dei meiner det same, men på ein meir detaljert måte enn dei andre.

Fleirtalet vil og at innkrevjinga av bompengar skal stoppast den dagen Hardangerbrua er betalt. Dei vil ikkje at innkrevjinga skal halda fram for å finansiera miljøtunneler over Hardangervidda.

Det same fleirtalet uttrykkjer støtte til alle tiltak for å gjera Hardangerbrua til ein turistattraksjon, noko som dei meiner vil styrkja økonomien.

Lågare rente
Hardangerbrua er rekna å kosta ca. 1,8 milliardar kroner. Når dert likevel må skaffast fram 2.200 millionar, skuldast det renter på bompengelån, som er rekna til 400 millionar kroner. Fleirtalet, Ap, H, KrF, Sp, V og SV, er difor opptekne av rentenivået. Dei peikar på at historisk låge renter no for tida gjer det mogleg å tryggja økonomien i bruprosjektet. Bruselskapet og garantisten, som er Hordaland fylkeskommune, må gjera det dei kan for å oppnå så gunstige renter som råd.

Einar Lutro var i går på veg til Oslo nettopp med det ærend å tinga seg fram til gunstig lånerente.

- Renta ligg no og vippar rundt 4,4 prosent. Det er ca. 1 prosentpoeng under den renta som stortingsproposisjonen om Hardangerbrua legg til grunn, seier Lutro, som meiner at skilnaden kan utgjera ca. 100 millionar kroner.

Les også

Siste fra Lokalt

Fylkesmannen slår ned på bar i naust

- Bare noen gamle møbler, sier eierne. - Ulovlig, mener fylkesmannen.

Slik kom politiet på sporet av vrakene

Ren slump avslørte dumpingplass ved Knarvik. Her er historien bak.

Båt havarerte ved kai i Sandviken

Brannvesenet legger ut lenser for å stoppe diesellekkasje fra båten «Victoria Regina» i Elsesro i Bergen.

Forbyr salg av barnegrøt

Barnegrøten kan være helseskadelig.

- Ulykkene preger folk her ute

To dødsulykker på kort tid i Lindås. Rusede sjåfører skal ha utløst begge - og selv overlevd sammenstøtene.

Planla flukt med småfly til Serbia

På Youtube hadde han lært å fly småfly. Med det kunne han komme seg til Serbia. Slik planla Anders Behring Breivik flukten.

Relaterte bilder

FLOTT LANDSKAP: Hardangerbrua skal liggje i eit av dei flottaste fjordlandskapa i Noreg.

RUNDKØYRINGAR I FJELL: Hardangerbrua vert knytt til Vallaviktunnelen gjennom ein tunnel og ei rundkøyring som ligg inne i fjellet. På Bu-sida går brua og rett over i ein tunnel. Ei rundkøyring inne i fjellet fordeler trafikken mot Kinsarvik og mot Eidfjord. Hardangerbrua skal og ha fortau for gåande og syklande. Dette er knytt til gang- og sykkelveger på båe sider, som vist i illustrasjonen.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger