JOHN LINDEBOTTEN

Etter det Bergens Tidende kjenner til er ein merknad med dette innhaldet på plass i det utkastet til innstilling om NTP som saksordførar Oddbjørg A. Starrfelt, Ap, har lagt fram for samferdslekomiteen. I merknaden vert det presisert at Stortinget vil ha saka framlagt så snart som råd etter at all naudsynt dokumentasjon om saka er sendt over frå Hordaland fylkeskommune.

Samferdslekomiteen skal etter planen leggja fram innstilling om NTP 8. juni, med stortingsdebatt ei veke etter.

Oddbjørg A. Starrfelt, som er frå Rogaland, røysta nei til Hardangerbrua i juni 1996. For fire veker sidan sa ho til Bergens Tidende at ho no ikkje lenger såg nokon grunn til at Stortinget skulle seia nei til brua.

Neste vår?

Starrfelts partikollega frå Hordaland, Ranveig Frøiland, er svært nøgd med utviklinga.

— Eg vonar at Stortinget kan få Hardangerbrua som sak til neste vår. Det er viktig at det er dette Stortinget som får saka, seier Frøiland til Bergens Tidende.

I går vedtok fylkesutvalet mot tre røyster (SV og V) finansieringsplanen for Hardangerbrua, som heng i hop utan annan løyving frå staten enn sparde ferjesubsidiar på sambandet Brimnes-Bruravik. Kostnaden er rekna til 1615 millionar kroner.

Bjørn Lothe, SV, kritiserte at prosjektet ikkje inneheld utbetra tilførsleveg frå Brimnes til Bu, der det i dag er til dels smal veg og skarp sving forbi det rasfarlege Bugjelet. Lothe etterlyste og svar frå Kommunaldepartementet når det galdt legalitetskontroll av bruken av konsesjonskraftmidlar til brua. Fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg lova at ho skulle purra og freista få svaret innan fylkestinget, som skal haldast 8. og 9. juni.

Alle for Jondalstunnelen

Harald Hove, V, var uroleg for det høge forbruket av fylkeskommunale midlar som var avsett til Hardangerbrua og til Jondalstunnelen, som og var sak med finansieringsplan i går. Han var redd for at fylket sin økonomiske handlefridom vart for sterkt innskrenka. Hove konkluderte med at han kunne gå inn for Jondalstunnelen, men ikkje for Hardangerbrua.

Til dette repliserte Gisle Handeland, Ap, at det nettopp vitna om handlefridom når fylket kunne bruka store summar av konsesjonskraftmidlar til å byggja desse store samferdsleprosjekta, og at innbyggjarane i Hardanger ville vita å setja pris på det.

Finansieringsopplegget for Jondalstunnelen vart vedteke samrøystes av fylkesutvalet, men det er formell ugreie om korvidt kommunane Jondal og Kvam yter lån eller tilskot til tunnelen. Men dette skal det ordnast opp i.

USTOPPELEG AKSJON Brutilhengarane i Hardanger er ustoppelege i sin aksjon for å få bru over fjorden. Her får samferdsleminister Torild Skogsholm overrekt ein hjelm påmontert modell av Hardangerbrua, av partifelle Sverre Kleivkås i Ullensvang i november i fjor.<p/> ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH