— Hardangerbrua kan ikkje reknast som eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt, står det i konsekvensutgreiinga (KU). Den såkalla «netto noverdien» er rekna til - 1300 millionar kroner.

På den andre sida slår KU fast at brua kan vera viktig for å oppnå regional samling langs aksen Voss-Odda. Brua kan verka positivt på tilgangen av lokal arbeidskraft, og dermed styrkja grunnlaget for næringsliv og sysselsetting.

På bakgrunn av dette, seier KU at strategiske og politiske problemstillingar må avgjera om Hardangerbrua skal byggjast.

  • Til dømes omsynet til tidlegare investeringar og politiske vedtak om transportkorridoren mellom Austlandet og Vestlandet.
  • Distriktspolitiske vurderingar og omsynet til lokale verknader.
  • Grunnlaget for sjølvfinansiering med bompengar og lokale midlar.

Hardangerbrua vil få godt og vel 3000 biler for dagen i årsgjennomsnitt i 2020, medan snittet i dag på ferjesambandet Bruravik-Brimnes ligg på litt under 1000. Mykje av auken er overført trafikk frå E16 over Lærdal. 22 prosent er nyskapt trafikk.

Dette kan få mykje så seia m.a. for reiselivet. Ifylgje KU vil Hardangerbrua først og fremst tena sambandet aust-vest. Halvparten av trafikken vil gå mellom Bergensregionen og Hardangervidda/Austlandet. 30 prosent av trafikken vil vera lokal.

KU slår og fast at brua kan byggjast med små verknader for miljøet. Brua vil føra til ein trafikkauke over Hardangervidda på 80 prosent, men det vil ha liten innverknad på villreinen, vert det hevda.

FLOTT, MEN DYR: Hardangerbrua vert eit mektig syn over fjorden mellom Vallavik t.v. og Bu, men spørsmålet er om prisen, 1,7 milliardar kroner, står i høve til nytteverdien.