No kan ein sjå dei første konturane av ei kilometerlang oransje stripe som blir Hardangers nye landemerke. Dei to første stålseksjonane i Hardangerbrua sin i alt 1,3 kilometer lange køyrebane blei i helga hengt opp i berekablane som går over fjorden mellom Vallavik og Bu.

— Når brua står ferdig om fem år, vil den ha ein varig signatur som passar inn i landskapet, uttalte Statens vegvesen då Hardangerbrua sine arkitektoniske hovudgrep blei presenterte i 2007.

Skarp kontrastfarge

I tillegg til at brua får to spesialutforma bruportalar frå opningar i fjellet i kvar ende og to brutårn meir enn 200 meter høge, er brukassens overdel prega av ein skarp raud-oransje farge.

— Utgangspunktet var at brua skulle visa minst mogeleg att i landskapet. Derfor har undersida av brukassen fått ein blåturkis farge. Men så syntest vi at det ville vore veldig fint å få markert dette tynne, lange løpet med ein skarp kontrastfarge, seier arkitekt Pål Jørgensen i det bergenske arkitektfirmaet Forum Arkitekter, som har hatt designoppdraget på brua.

- Som soloppgang

— Eg trur det vil bli friskt og flott, ein kontrast som kan opplevast som soloppgang eller solnedgang – eller ein regnboge, seier Jørgensen.

Arkitekten og vegvesenet var opptekne av å gi brua ein eigen signatur, og har teke omsyn til den brå overgangen mellom bru og tunnel på begge sider ved å laga opne og tilpassa tunnelportalar. Tårntoppane er utforma slik at dei gir assosiasjonar til dei bratte fjellsidene og skredløpa som pregar hardangerlandskapet.

— Eg trur absolutt at brua blir ein turistattraksjon. Ho er jo diger, noko som er tiltrekkjande i seg sjølv. Hardangerbrua er alt lagt merke til over heile verda. Blant anna skal eg i vinter til Hongkong og halda føredrag som følgje av arbeidet med brua, seier Pål Jørgensen.

Hardangerbru 2.JPG

Kinesiskproduserte

Vel ei veke etter at lasteskipet «Zhen Hua 25» kom til Hardanger med dei 23 kinesiskproduserte stålseksjonane som utgjer Hardangerbrua sin køyrebane, starta fredag arbeidet med å heva den første av seksjonane som kvar er 60 meter lange og 370 tonn tunge. Dersom vêret er bra, vil heile operasjonen med å festa seksjonane til hengestengene under berekablane vera ferdig i løpet av oktober.

Riksveg 7 Hardangerbrua skal opnast for trafikk i slutten av juni månad neste år, og erstattar ferjesambandet Brimnes–Bruravik. Det blir landets lengste hengebru med eit hovudspenn på 1310 meter og totallengde 1380 meter. Prosjektet til 2,3 milliardar kroner blir i hovudsak finansiert med bompengar. Bomavgifta blir truleg rundt 140–150 kroner for liten bil.