Den nye prisen på Hardangerbrua vart gjort kjend i dag i eit møte i referansegruppa for brua på Voss.

— Den nye prisen er resultatet av ein fullstendig gjennomgang av bruprosjektet. M.a. har vi då teke med tunnelar som fører direkte ut på brua frå både Vallavik-sida og Bu-sida, seier Einar Lutro, påtroppane styreleiar i Hardangerbrua AS, til bt.no.

I samband med prisjusteringa, er det også rekna på kva som trengst av pengar for å rusta opp ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Dette med tanke på at Stortinget like godt kan løyva desse pengane til brua, dersom dei likevel skal nyttast på fjordsambandet i Indre Hardanger.

Lutro opplyser at den nye summen her ligg ein stad rundt 250-300 millionar kroner, som brutilhengarane då vil føra opp som staten sin del i finansieringa. Denne summen har til no vore 150 millionar.

Lutro legg til at også dei 7 kommunane med part i Hardangerbrua AS også må rekna med å bidra med meir pengar. Så langt står dei inne med 165 millionar kroner, opplyser Einar Lutro.

MOGLEG LØYSING: Slik kan ei bru over Hardangerfjorden kome til å ta seg ut. (Arkivillustrasjon - biletet er manipulert)