Hardangerbru frå Vietnam

Ho kjem ikkje rekande på ei fjøl, men stålkassa til Hardangerbrua kan koma siglande heilt frå Vietnam.

Prosjektleiar Øivind L. Søvik synest ikkje det er merkeleg at arbeid av slike dimensjonar vert henta frå fjerne strøk.

– Her er vi inne i ein global marknad, seier han.

Søvik vil ikkje stadfesta om det går fram av tilbodet frå danske MT Højgaard at stålkonstruksjonane skal lagast i Vietnam. Men lang transport er ikkje unormalt. Osterøybrua kom frå Nederland, og ei bru som nyleg er bygt i Amerika fekk stålkonstruksjonane slept heilt frå Korea, opplyser han.

Bygde Storebæltbrua
Kommunikasjonsdirektør Sofie Karen Lindberg i MT Højgaard vil korkje stadfesta eller avkrefta at tilbodet dei har gitt på stålarbeida på Hardangerbrua, er basert på sveisearbeid i Vietnam.

– Så lenge kontraktsforhandlingane ikkje er unnagjort, går vi ikkje ut med detaljar i tilbodet, seier Lindberg.

– Den dagen vi måtte ha kontrakten i hamn, kan vi koma attende til saka, legg ho til.

MT Højgaard har levert desidert lågaste tilbodet på dette arbeidet, så vidt over tre kvart milliard kroner. Dei andre tilbydarane krev i overkant av 1,1 milliard. Det danske selskapet er velrenommert. Dei hadde mellom anna arbeid på Storebæltbrua, med eit fritt spenn på over 1600 meter.

Reknefeil?
Det har vore spekulert på om det kan vera reknefeil i tilbodet. Arne Sortevik (Frp) har frå Stortinget levert eit skriftleg spørsmål til samferdsleministeren. Han spør om ho vil forsikra seg om at dette blir avklåra slik at kontrakten blir basert på tilbod som er reelle og ikkje gir kostnadssprekk

Prisskilnaden mellom dei tre dyraste tilboda er berre fire prosent, mellom dei to lågaste heile 55 prosent. Nest høgaste tilbod vil sprengja kostnadsramma, påpeikar Sortevik.

Einar Lutro i Hardangerbrua AS poengterer at kostnadsramma held sjølv om ein ikkje aksepterer det lågaste tilbodet.

Les også

Siste fra Lokalt

Her vil de bygge Norges lengste bro

Prisen er tre milliarder kroner.

- Vi er avhengige av
at bilene får kjøre her

Butikkene på Strandkaien blomstrer etter at gravingen over.

Her heiser de opp forsikringsselskapets bil

- Veldig rart, sier skadedirektøren.

Denne kan vere ein kraftrevolusjon

Det meiner to pensjonistar på Stord, som har pønska ut løysinga.

«I kveld kan det bli
vanskelig å sove»

På Ostereidet barneskule mistet en elev sin stefar denne uken. - Når verden ramler i hop, må skolen vise omsorg.

Relaterte bilder

BILLEGARE: Hardangerbrua vert ikkje så dyr som Statens vegvesen trudde. ILLUSTRASJON: ARKIV

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger