Prosjektleiar Øivind L. Søvik synest ikkje det er merkeleg at arbeid av slike dimensjonar vert henta frå fjerne strøk.

– Her er vi inne i ein global marknad, seier han.

Søvik vil ikkje stadfesta om det går fram av tilbodet frå danske MT Højgaard at stålkonstruksjonane skal lagast i Vietnam. Men lang transport er ikkje unormalt. Osterøybrua kom frå Nederland, og ei bru som nyleg er bygt i Amerika fekk stålkonstruksjonane slept heilt frå Korea, opplyser han.

Bygde Storebæltbrua Kommunikasjonsdirektør Sofie Karen Lindberg i MT Højgaard vil korkje stadfesta eller avkrefta at tilbodet dei har gitt på stålarbeida på Hardangerbrua, er basert på sveisearbeid i Vietnam.

– Så lenge kontraktsforhandlingane ikkje er unnagjort, går vi ikkje ut med detaljar i tilbodet, seier Lindberg.

– Den dagen vi måtte ha kontrakten i hamn, kan vi koma attende til saka, legg ho til.

MT Højgaard har levert desidert lågaste tilbodet på dette arbeidet, så vidt over tre kvart milliard kroner. Dei andre tilbydarane krev i overkant av 1,1 milliard. Det danske selskapet er velrenommert. Dei hadde mellom anna arbeid på Storebæltbrua, med eit fritt spenn på over 1600 meter.

Reknefeil? Det har vore spekulert på om det kan vera reknefeil i tilbodet. Arne Sortevik (Frp) har frå Stortinget levert eit skriftleg spørsmål til samferdsleministeren. Han spør om ho vil forsikra seg om at dette blir avklåra slik at kontrakten blir basert på tilbod som er reelle og ikkje gir kostnadssprekk

Prisskilnaden mellom dei tre dyraste tilboda er berre fire prosent, mellom dei to lågaste heile 55 prosent. Nest høgaste tilbod vil sprengja kostnadsramma, påpeikar Sortevik.

Einar Lutro i Hardangerbrua AS poengterer at kostnadsramma held sjølv om ein ikkje aksepterer det lågaste tilbodet.

BILLEGARE: Hardangerbrua vert ikkje så dyr som Statens vegvesen trudde. ILLUSTRASJON: ARKIV