Det går fram av Vegdirektoratet sitt utkast til Nasjonal Transportplan for perioden 2016-2015, som vert lagt fram no i føremiddag.

— Svært nedslåande, med tanke på alle kommunane og fylket som i tunge økonomiske tider held att pengar til å byggja brua for, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Magnar Lussand, til Bergens Tidende.

— Dette er ein katastrofe. No har dei litt å svara for, Høgre sine representantar på Stortinget som har uttalt seg så skråsikkert om bygging av Hardangerbrua, seier fylkestingsrepresentant Arne Jakobsen, Ap.

Det vert smalhans også for Kyststamvegen.

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp opplyser til BT at bru mellom Stord og Tysnes og ny veg over Tysnes ikkje vert bygt før etter 2015. Vossapakken, med tunnel bak Voss sentrum, kjem først etter 2010.

— Vegen mellom Svegatjørn og Rådal kan i beste fall byggjast etter 2010, og med eit godt bompengeopplegg kan denne vegen kanskje gjerast ferdig til 2015. Men Moberg-Svegatjørn, som har anleggsstart i år, vil gå etter planen og vera ferdig i 2005.

— Faktisk er det slik at vi i perioden for Nasjonal Transportplan har meir pengar til drift og vedlikehald av vegane enn til nybygging, seier Ole Chr. Torpp. Men har strekar under at dokumentet som Vegdirektoratet legg fram no, er eit høyringsutkast. Kommunar og fylke skal uttala seg, og Stortinget skal til slutt ha siste ordet.

MOGLEG LØYSING: Slik kan ei bru over Hardangerfjorden kome til å ta seg ut. (Arkivillustrasjon - biletet er manipulert)