— Eg kryssa riksvegen i høve vedkløyving, men annan kontakt med asfalten har denne traktoren ikkje hatt sidan han var ny, seier Theodor Sørhaug til Bergens Tidende.

Finansierer opera!

— Det er nok desse Oslo-folka som prøver å få truskuldige bønder ute i distriktet til å betala for den kostbare operaen dei vil byggja seg der inne, kommenterer Theodor syrleg, men med glimt i augo.

Inkassofirmaet Intrum Justitia, som har sendt kravet, skuldar på parkeringsselskapet Scan Park AS, som skuldar på ein av parkeringsvaktene sine og ei datamaskin.

Parkeringsvakten skal ha bøtelagt ein feilparkert tysk bil, men gløymt å kryssa av for nasjonaliteten. Så har datamaskinen sett inn ein null der det mangla eit siffer. Dermed blei det norsk bil nummer SC04416. Theodor sin traktor har registreringsnummer SC 4416, og inkassovarselet hamna på Grimo.

Skeptisk

Som kjent har norske bilar to bokstavar og fem talsiffer, medan blant anna traktorar har to bokstavar og fire siffer.

Men Theodor trur berre sånn passeleg på forklaringa.

— Dei tyske bilane vi ser her i Hardanger har fire bokstavar på nummerskiltet, påpeikar han, og held fast på teorien om at det er operaen i Bjørvika som skal finansierast.

Sex sist

Noko bidrag frå Grimo kan likevel ikkje påreknast. Heller ikkje Telenor kom nokon veg med Theodor, då dei for nokre år sidan presenterte ei enorm telefonrekning, og påstod at han hadde hatt ei bråte sexsamtalar.

Også Justitia AS er innstilt på å gje seg. Tor Ivar Mathisen i selskapet, seier til Hardanger Folkeblad at dei sender brev til Theodor i dag, og seier seg leie for feilen.

Til Oslo har det aldri vore aktuelt å køyra med den gamle traktoren, ikkje med den nye heller, for den del. Det er mange år sidan Theodor sjølv var i hovudstaden, og då tok han toget.

— Jammen skal du vera tolmodig skal du køyra i sniglefart så langt, seier han.

KOM ALDRI TIL OSLO: Theodor Sørhaug (70) har fått parkeringsbot i Oslo for gamletraktoren sin, ein 1972-modell Zetor 4718 som plar stå parkert innerst i garasjen på Grimo. Traktoren har kryssa riksveg 550 i høve vedkløyving på nedsida, men har aldri vore nær Oslo.<p/>
FOTO: ARNE HOFSETH