Dette blir den nye kvardagen dersom rådmennene i Kvinnherad og sju Hardanger-kommunar får det som dei vil. Ordførarane er med på ferda. Dei vil slanka administrasjonen kraftig for å få meir pengar til å byggja ut gode tenester for unge og gamle.

— «Det digitaliserte Hardanger» er stikkorda, seier Jondal-ordførar John Skogseth som vil nytta datateknologien for alt den er verd.

Unødig sløsing

Om ikkje så lenge kan truleg alt som gjeld lønssaker og utbetaling, rekneskapskøyring, skatt og avgifter styrast frå ein stad. Men først må alle over på same programvare. I dag gjer åtte små og store kommunesentra akkurat same operasjonen. Kvifor sløsa slik? spør kommunetoppane.

Store ressursar kan dermed sparast inn. Berre i Kvinnherad er det i dag avsett fire årsverk til å styra med IKT, opplyser rådmann Trond Sætereng til BT.

I fjor på denne tida ivra jondølen Skogseth sterkt for at kommunane på Folgefonnhalvøya skulle ta dei første stega med sikte på å slå seg saman. Fleire andre ordførarar i regionen følgde opp, ikkje minst Toralv Mikkelsen i Odda. Ei stund såg det ut til at ein ny storkommune med 37.000 innbyggjarar var i emning. Men motkreftene var sterke og bad entusiastane ta rev i segla.

— Det kan vera lurt å utvikla samarbeid og felles tenester på flest moglege område, og då vil kommunegrensene bli mindre viktige i neste omgang, seier Skogseth til Bergens Tidende.

Saknar teknisk sjef

— Her i Jondal har vi vore utan teknisk sjef i over eit halvt år. Vi har slite, til fånyttes, for å finna ein kvalifisert person. Dette viser kor sårbare små kommunar er, seier han.

Hos dei «små» lyt etatsjefar ofte ha fire-fem ulike funksjonar. Dei får sjelden høve til å spesialisera seg.

Rådmannen i Kvam, Knut Terje Rekve, har leia prosjektarbeidet saman med kollegaene i Kvinnherad, Ullensvang, Odda, Jondal, Eidfjord, Granvin og Ulvik. Tysdag 15. januar skal dei leggja fram tilrådinga for ordførarane som på si side vil losa arbeidet gjennom dei politiske organa.

Døgnopen kommune?

Men det er slett ikkje meininga å nøya seg med berre datasamarbeidet. Både rådmenn og ord-førarar har store vyar om å slå saman m.a. viktige kommunale tilsynsoppgåver:

— Til no kan vi lista opp om lag hundre interessante felt som eignar seg for samarbeid. Men vi kan sjølvsagt ikkje gapa over alt dette på ein gong, seier rådmann Rekve.

— Først vil vi prøva å gjennomføra den «døgnopne kommunen». Så snart vi har eit verkeleg breiband på plass, kan vi ta ut effektiviseringsgevinsten ved å bruka mindre tid på å administrera kvarandre til fordel for meir tenesteyting, legg han til.

Arbeidet med byggesaker er eit døme på oppgåver som kan løysast hurtig og smidig ved at innbyggjarane sjølve gjer seg nytte av internett, slik Rekve ser det.

PÅDRIVAR: Ordførar John Skogseth i Jondal er leiar i den politiske styringsgruppa og øn-skjer mest mogleg samarbeid over kommunegrensene i Hardanger ARKIVFOTO: ARNE NILSEN