Hardangernavnet kan no berre nyttast på slik frukt som er dyrka i Hardanger.

Vern av namna Hardangereple, Hardangerplommer, Hardangerpærer og Hardangermoreller er no fastsett i forskrifter heimla i norsk lov. Frå før er også produktnamnet Eplejuice frå Hardanger tildelt slikt vern.

Særpreg

— Ei rad forbrukarundersøkingar er samstemte når det gjeld kva forbrukarane ønsker. Norske forbrukarar vil ha mangfald og matprodukt av høg kvalitet. Fruktprodukta frå Hardanger føyer seg inn i rekkja av gode landbruksprodukt med særpreg. Det gleder meg at frukt frå Hardanger no har fått beskytta produktnamn, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen i ei pressemelding.

Det er den offentlege norske merkeordninga Beskytta nemningar som opnar for lovheimla vern av namn på norske matprodukt med klart geografisk opphav, særpreg og tradisjon. I tillegg til å verne produkta mot ulov-lege etterlikningar og namnemisbruk, skal merkeordninga òg garantere forbrukarane at dei finn matprodukt med det geografiske opphavet dei gir seg ut for å ha.