Ordførar Astrid Farestveit Selsvold i Kvam er strålande nøgd med den breie semja på rådsmøtet i Jondal.

— Det er kjekt å sjå at vi no får full støtte til vårt prosjekt. Vi har stått last og brast med resten av Hardanger og støtta samferdsleprosjekt rundt oss på alle kantar, seier Selsvold.

Ho siktar mellom anna til Hardangerbrua og Jondalstunnelen.

— Vestlandets største rekreasjonsområde vil få eit stort løft dersom ein kan fjerna gjennomgangstrafikken. Store bilar vil spara 20 minutt og energikrevjande stigning, poengterer ho.

Men Kvam-ordføraren, som for tida også leiar Hardangerrådet, understrekar at ein tunnel under Kvamskogen vil vera til gagn for heile Hardanger. Det blir kortare veg til Bergen, og tunnelen kan kombinerast med kraftlina som sikrar byen straumforsyning, utan å skjemma Hardangernaturen.

På møtet i Jondal støtta Hardangerrådet også søknaden frå folkeaksjonen mot luftline om finansiell støtte til sekretærhjelp. Regionrådet og Kvam yter 50.000 kroner kvar, medan dei mindre kommunane innover i fjorden (Granvin, Ulvik og Eidfjord) er bedne om å delta med kvar sine 15.000 kroner.

— Det var nesten rørande å høyra at Odda også ville ha ein søknad, sjølv om kraftlina ikkje skal gå i nærleiken av denne kommunen, seier Selsvold.

Hardanger er i opprør mot planane om å sikra Bergen si elektrisitetsforsyning med ei 420 kilovolts kraftline i luftspenn mellom Simadal og Bergen. Dei krev kabel i sjøen, no også kabel i ei grøft inne i ein vegtunnel under Kvamskogen. Tunnelen vil dei ha med i den såkalla Kvammapakken.

— Vi har von om å få bompengesøknaden til handsaming i fylkestinget i vår og i Stortinget til hausten, seier Selsvold.

Om Hardanger får kraftlina lagt i kabel, er minst like spanande. Statnett har engasjert Multikonsult til å laga ei utgreiing innan 15. mars. Deretter skal Statnett gje tilråding til NVE. Det skal påvisast svært store samfunnsmessige konsekvensar før det langt dyrare kabelalternativet vert valt framfor luftline. Kvam-ordføraren er ikkje i tvil; samfunnet har mykje å vinna på hennar opplegg.