Dermed kan det synast å vera litt samklang mellom stortingsrepresentant Geir-Ketil Hansen frå Nordland, og lokale SV-folk i indre Hardanger. Medlem av samferdslekomiteen på Stortinget, Geir-Ketil Hansen, kom nemleg ikkje med noko bastant nei til Hardangerbrua onsdag, slik ein er van med frå SV, då han fekk direkte spørsmål om saka under komiteen si vitjing i Ullensvang og Eidfjord.

Det urbane SV

— Det er rett at vi i Hordaland SV har delt oss i synet på vinteropen Rv 7 over Hardangervidda. Det urbane SV har teke eit meir prinsipielt miljøvernstandpunkt. Sjølv meiner eg at mennesket er viktigare enn villreinen, og at villreinen ikkje er ein truga dyreart, seier fylkestingsrepresentant Bjørn Lothe, som var jordbrukssjef i Ullensvang frå 1994 til 2000. No driv han som gardbrukar.

— Ein kan ikkje berre isolera ein region heller. Kanskje kunne vi tålt fire månader med stengt Rv 7, men då ville ferjetrafikken på Bruravik-Brimnes verta så liten at mange avgangar ville falla bort. Og då vart vi dobbelt råka, seier Lothe, som meiner at rekkjefølgja må ordnast på nytt.

— Fyrst må det byggjast miljøtunnelar over vidda. Når det er gjort, kan vi ta opp brusaka.

Skal mykje til

Stortingsrepresentant Ågot Valle er kan henda ein av desse urbane frå SV. Står det til henne, vert Hardangerbrua aldri bygt uansett.

— Det skal svært mykje til for å overtyda meg om at det nokosinne vil vera rett å bruka pengar på bru, seier Valle til BT.

Leiaren i Ullensvang SV, Arne Lofthus, seier at mange SV-arar i Ullensvang er mot Hardangerbrua, men at mange også meiner brua bør koma. Sjølv meiner Lofthus det er heilt greitt om Hardangerbrua vert bygt om 10, 15 eller 20 år.

— Men fyrst må vi sikra vinteropen vidde med miljøtunnelar. Eg meiner det er noko samfunnet må akseptera, sjølv om dei urbane og miljøbevisste i SV meiner noko anna. Det var ein taktisk feil å ta Hardangerbrua til Stortinget før tunnelane var bygt. Det viktigaste no, er å få skikkeleg vegstandard langs fjorden, slik at folk slepp gå i grøfta når bilane kjem.