— Eg er heilt sjokka. Eg hadde ikkje forestilt meg at departementet kunne gjere slikt, kjem det oppgitt frå Helge Andre Njåstad (23) ordførar i Austevoll.

Onsdag kom brevet frå Kommunaldepartementet som svart på kvitt slår fast at Austevoll blir fråteke 3,3 millionar som straff fordi kommunen og Midthordland revisjonsdistrikt klussa med ein rapport om talet på psykisk utviklingshemma i Austevoll.

— Tre millionar er mykje pengar for vesle Austevoll med berre 4000 innbyggjarar. Like mykje som tre barneskular, sukkar Frp-ordføraren.

Historia om millionstraffa starta med at Midthordland revisjonsdistrikt i sommar gjennomførte ein stikkprøve for å sjekke om Austevoll rapporterer rett om talet på psykisk utviklingshemma i kommunen.

Kontrollen avdekka at det mangla rett underskrift på nokre dokument. Rapport om dette vart sendt til Sosial og Helsedirektoratet. Dermed vart talet på psykisk utviklingshemma i Austevoll med eit pennestrøk redusert frå 28 til 12.

Feilen vart oppdaga - og retta opp - då Austevoll fekk 6,6 millionar mindre enn venta i statstilskot for 2004.

Men for Kommunal- og regionaldepartementet var opprettinga ikkje nok. I svarbrevet frå Kommunaldepartement heiter det at «kommunen må sjølv klandrast i denne saka.»

Kommunaldepartement seier seg likevel villig til å etterbetale halve beløpet, 3,3 millionar kroner. Resten må kommunen ta som straff.

Helge Andre Njåstad gir seg ikkje utan kamp. Partifellar på Stortinget er varsla, og Njåstad prøver no å få ein avtale med kommunalminister Erna Solberg.

— Nokon må sjå galskapen i dette. Dei kan då ikkje gje oss millionstraff for kluss med nokre underskrifter, seier Njåstad til Bergens Tidende.