Rektorane ved dei vidaregåande skulane i Eid og Stryn deler ut gule kort til politikarane i opplæringsutvalet i fylkeskommunen som, under ovasjonar, har slutta seg til planane. Reidar M. Sørland på Eid og Kåre Roset i Stryn fryktar at utbygginga i Sogndal skal gå ut over sårt tiltrengt opprusting av vidaregåande skulebygg.

— Sogndal snik i køen, er bodskapen.

Leiaren i opplæringsutvalet, Trygve Lillestøl (KrF), innrømmer at det er køsniking, og at planane truleg går gjennom.

800 millionar

Utbygginga på Fosshaugane er kalkulert til kring 800 millionar kroner. Planen er at eit spleiselag med Sogndal Fotball, kommunen, fylket og staten skal sikre utbygginga. For i tillegg til å skaffe Sogndal eit topp moderne fotballstadion, skal utbygginga også gje areal for Høgskulen i Sogn og Fjordane, næringsareal og ny Sogndal vidaregåande skule.

Og det siste er stridens eple. Utbygging i Sogndal har nemleg stått langt nede på prioriteringslista for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.

Undrande

— Det har vore planar klare for utviding av skulane i Eid og Stryn i tre år. Vi har dokumentert våre behov, men aldri greidd å få planane fram for politisk handsaming. Så kjem brått ei storutbygging i Sogndal og passerer alt anna. Det som skjer no undrar oss veldig, seier Reidar M. Sørland.

— Står det sterke fotballmiljøet i Sogndal bak?

— Det veit vi ikkje, og det er heller ikkje noko stort poeng for oss. Vi registrerer at Sogndal Fotball og høgskulen har eit utbyggingsbehov. Vel, så får dei løyse det. Men vi kan ikkje sjå at det er dokumentert at den vidaregåande skulen i Sogndal har eit behov framfor andre. Ungdom andre stader i fylket vil tape på dette, svarar Kåre Roset.

Nær 400 mill.

Ny vidaregåande skule i Sogndal kan komme til å koste bortimot 400 millionar kroner. Det vil bli største byggjeprosjektet for fylket, etter at sentralsjukehuset vart reist i Førde på slutten av 70-talet.

Leiaren i opplæringsutvalet, Trygve Lillestøl, understrekar at avgjerda først blir tatt til hausten, men seier i same andredrag at «det vil vere veldig rart om ikkje Sogndal snik i køen».

— Vi har eit veldig interessant prosjekt med samarbeid og samdrift mellom kommune, fylket, stat og fotballaget. Det kan bli eit mønsterbruk til føredøme for andre.

Fotballen utgangspunktet

Lillestøl understrekar at prosjektet aldri hadde blitt drøfta utan initiativet frå Sogndal Fotball.

— Eg skjønar veldig godt reaksjonane som kjem. Men eit viktig poeng for oss er at dersom vi ikkje er med no, kan vi bli utestengde frå seinare skuleutbygging på Fosshaugane.

— Er det rett at fylket skal bruke store midlar for å få ny fotballstadion i Sogndal?

— Eg ser at det i yttarste konsekvens kan vinklast slik. Men det er også trong for å samlokalisere avdelingane til Sogndal vidaregåande.

— Kan det gjerast billegare enn 300-400 millionar?

— Kanskje, men det har ikkje vore rekna på andre modellar.

— Burde ikkje det vore gjort?

— Kanskje, men no har dette prosjektet komme veldig fort.