Eit knapt år før fjordfylkets eldste by skal feire 150-årsjubileum, strir innbyggjarane om eiga sjel og identitet. For innbarka florøværingar — urinnvånarane - er Strandgata det same som Bryggen er for bergensarane.

Dei veldige sildemengdene som fann vegen til norskekysten på 1800-talet gav ein formidabel boom i fiskeeksporten. Det var trong for ein ladestad mellom Bergen og Ålesund for å handtere all silda. Stortinget valde Florø.

Den historiske byen

Dei første husa som blei bygd etter at byen blei grunnlagt, var trehus med saltak, dei fleste to eller tre etasjar høge. Her tok dei imot og salta sild. Her ordna dei nøtene. Her dukka butikkane opp. Her slo handverkarane seg ned. Her budde florøværingane. Her leika ungane. Her gjekk toget 17. mai. Strandgata blei sentrum både for det økonomiske og sosiale livet i småbyen.

— Det skremde nesten livet av oss, seier Kjartan Godø. Han snakkar om planane eigarane av to av dei eldste trebygga i ytre Strandgata la fram sist sommar: Trehusa skal rivast, fem nye sjølvstendige bygg skal oppførast i fem eller seks etasjar. Husa får nærast ein funkisstil, og skal byggjast fleire meter ut i sjøen.

— Dette er den historiske delen av Florø, og området er framleis det mest intakte. Vi seier ikkje at det ikkje kan gjerast endringar. Men riv vi dette, skal grunngjevinga vere god, seier Halvor Halvorsen.

Folkeleg opprop

Halvorsen var tredje generasjons hotelleigar før han selde Victoria hotell i fjor. Kjartan Godø er pensjonert rektor. Dei to, begge urinnvånarar, er med i ei adhocgruppe som i haust blei oppretta for stoppe funkisplanane. I dag skal dei overlevere resultatet av ein underskriftsaksjon til ordførar og fylkesordførar. Ei diskusjonsgruppe dei nyleg oppretta på nettstaden Facebook, «Nyttårsaksjonen for Florøs sjel», har over 700 medlemer.

  • Responsen og engasjementet er overveldande, ikkje minst at så mange unge engasjerer seg. Innbyggjarane i byen tek sjølv styringa, og meiner noko.

Dei to meiner det er heilt nødvendig, for politikarane er, etter deira syn, i ferd med å svikte. Fram gjennom åra har forvaltninga av kvartalet vore streng. No ser dette ut til å endre seg. Byråkratiet har fått meir makt, private eigarar lagar sjølv reguleringsplanar, og ber om godkjenning frå kommunen. Eigarane legg premissane. Dei folkevalde, som skal ta i vare interessene til innbyggjarane, er alltid på etterskot.

  • No må vi stoppe opp og tenkje oss om. Vi har eit ansvar, vi kan ikkje gå fram som vi vil, er bodskapen frå Godø og Halvorsen.

Kakebua

I Strandgata er dagens oppslag i Firdaposten samtaletema nummer ein:

— Såg du dei bileta? Kor der ser ut, seier den eldre kvinna til venninna.

Lokalavisa har vore med huseigar Sverre Stenbakk inn i det eine av dei to husa, Trovikeigedomen. Her er golva mellom etasjane i ferd med å gje etter. Kabelskjener og leidningar ramlar ned frå rotne bjelkar og lister. Målinga krøllar seg i store flak.

— Sopp og ròte har knekt florøsjela, skriv Harald J. Stavang, forfattar av lokalhistoriske bøker og ein nestor i journalistikken i byen.

Dei to damene i Strandgata er skjønt einige:

— Brenn heile greia, og få opp noko som fungerer. I dag er det berre rotter og mus som kan gjere seg nytte av husa.

I Trovikbygget låg den legendariske serveringsstaden Kakebua. I mange år var dette staden der florøværingane møttest for å løyse små og store verdsproblem over ein kopp kaffi eller ein halv pils. Byparlamentet blei landskjent då Gro Harlem Brundtland stakk innom og fekk gode råd.

Lyset er sløkt

Kakebua var den som heldt ut lengst i Trovikbygget, men i sommar stengde også dei dørene. Fleire stader i ytre delar av Strandgata, er lysa sløkte i tomme butikkvindauge. Vinklar er skeive, lister er rotne og vindauge står opne. Eigarane har late bygga forfalle.

  • Husa i Ytre Strandgata er gamle og små. Dei er ikkje eigna til dagens forretningsdrift, seier Hanne Husebø Kristensen. Etter ti år i Oslo flytta veterinæren heim og etablerte Flora Dyreklinikk saman med mannen. Utviklinga i sentrum gjorde at ho engasjerte seg, og gjekk inn i politikken for Høgre. Ho såg kor vanskeleg det var å finne eigna lokale i Strandgata, og seier ja til nybygg:
  • Vi skal sjølvsagt setje krav til estetikk, men treng ikkje nokon kopi. Det vi treng er å få liv i Strandgata. Då må vi få på plass bygg som er funksjonelle, slik at det går an å drive handel.
  • Korleis stiller du deg til planane som er lagt fram?
  • Dei kan eg ikkje akseptere. Eg ser ikkje noko alternativ til riving, men eg kan ikkje vere med på å gje løyve til å fylle fleire meter ut i sjøen. Eller at nybygga får flate tak.

- Ei ulukke

Kvartalet er vurdert av antikvariske styremakter, og rekna som verneverdig. Husebø Kristensen meiner det vil vere ei ulukke dersom Riksantikvaren grip inn:

  • Eg vil gå så langt som til å seie at det vil vere å setje foten ned for utvikling i denne delen av sentrum. Det vil også vere statleg overstyring av lokaldemokratiet.

Det er langt mellom dei gåande på fortaua i Ytre Strandgata når Halvor Halvorsen og Kjartan Godø tek oss med på byvandring. Området som for 149 år sidan var sentrum for den nye byen, er no nesten dødt.

Men midt i forfallet står også velhaldne hus. Dei vitnar om den pittoreske sjarmen som har gjort at Florø fleire gonger er kåra til ein av dei vakraste byane i landet.

— Vi er sterkt interesserte i at byen må endre seg. Men det må skje med røter i historia. Det har vore gjort andre stader i Strandgata, med svært godt resultat. For oss og våre støttespelarar er dette like viktig som då det blei pressa på for å rive Bryggen.

Synspunkt? Sei di mening her.

ØYSTEIN TORHEIM
ØYSTEIN TORHEIM
ØYSTEIN TORHEIM