– Eg heng opp små nettingposar med menneskehår på 3-4 juletre per dekar. Dette held faktisk hjorten borte. Det er nok luktestoffa i håret han reagerer på, seier Litlabø.

Knekte tretoppar

Det var nettstaden innsida.no som tysdag melde om det noko spesielle botemiddelet mot plagsam hjort.

– Eg såg meg nøydd til å finna på noko. Edelgran er hjorten sin favoritt. Dyret et granbaret og gneg sund borken på stamma. Stundom knekk han også toppen rett av. Eit tre stuper dermed i verdi frå 350 kroner til ingenting berre i løpet av ei natt. Tapet kjem raskt opp i mangfaldige tusen kroner, fortel Litlabø til BT.

Tidlegare sprøytte Stord-bonden eit kjemikaliestoff på trea. Men dette var både dyrt og vanskeleg å skaffa. Hårtrikset byrja han med for tre år sidan.

– Eg ser heilt klart at det fungerer. Hjorten held seg borte frå områda der det heng hår. Spørsmålet er kor lenge han let seg lura. Vonleg vert det ei stund, ber Litlabø.

Inntil vidare er uansett håravfallet ei billig og miljøvenleg løysing for juletreprodusenten.

– Håret får eg gratis hos den faste frisøren min. Eg plar alltid å spørja om ein stor pose med hår når eg er innom og stussar på frisyren min. Eg får ei fin blanding. Lyst hår, mørkt hår og krøller – heile pakken. Alt er like effektivt, så langt eg har erfart, smiler Jens Litlabø.

God luktesans

Leiar Arne Knutsen i Stord produksjonslag for juletre, pyntegrønt og kristtorn – og tidlegare skogmeister på Stord – fortel at menneskehår er eit godt, gammalt råd mot hjort.

– Eg var på ein rundtur i Sogn og Fjordane for 15 år sidan, og allereie då var metoden teken i bruk der. Men kor utbreidd den er no veit eg ikkje. Eg er likevel ikkje overraska over at det verkar. Hjorten har svært god luktesans – langt betre luktesans enn syn, opplyser Knutsen.

Heller ikkje for rådgjevar Anders Stub på Fylkesmannen si landbruksavdeling var dette noko nytt.

– Trikset er gammalt og skal vera mykje brukt. Men det har nok ingen støtte i vitskaplege miljø. Likevel skal ikkje eg sitja her og så tvil om at håret gjer nytten. Det gjer nok det, i alle fall ei stund. Kanskje kan dette verta ei nisje for frisørsalongane – å selja håravfall i laus vekt, fleipar Stub.

Kjetil Østrem