— Selskapet trenerer og trenerer, tydelegvis i håp om at eg skal selja bilen, seier Stein Elling Schille.

Utanfor ungdomsskulerektoren sitt hus i Rosendal i Kvinnherad står hans sølvgrå Audi S4 Avant 2,2 Turbo 1991-modell og blir meir og meir verdilaus for Schille. Det går mot eit rettsleg oppgjer om bilen. For If har heller ikkje svara Forsikringsklagekontoret, som har engasjert seg i ei sak som starta med ein mindre kollisjon på Bømlo 21. november 2000.

500 km på verkstad

Det spesielle i saka er bileigar Schille si påpeiking av at den ettertrakta Audien blei brukt og skadd av uvedkomande under verkstadopphaldet i desember 2000. Han fekk tilbake ein bil som rista i fart og som hadde synlege skader utanpå og inni, og som var køyrt 500 km av framande.

Av frykt for skeivslått ramme etter påkøyrsla på Bømlo, fekk Schille forsikringsselskapet med på at bilen skulle reparerast på merkeverkstaden hos importør Harald A. Møller i Oslo. Audien blei sendt over fjellet med bergingsbil 17. desember, reparasjonen skulle gjerast på ei veke.

Først 27. januar 2001 fekk Stein Elling Schille bilen sin tilbake. Bergingsbilen sette Audien av i Skånevik, der Schille måtte henta han. Nokså raskt oppdaga han griseri inni bilen, skader og funksjonsfeil som ifølgje Schille gjorde Audien trafikkfarleg å køyra.

Var skeiv

Fakturaen på knapt 15.000 kroner var utskriven til ein Fana-mann. Forsikringsselskapet informerte Schille om at verkstaden hadde oppdaga at bilen var skeiv som følgje av ein eldre skade. Dette tilbakeviser Schille, og viser til EØS-kontroll av bilen sommaren 2000 og ei taksering med merknaden «lytefri» så seint som dagen før kollisjonen.

Audien er ikkje registrert på merkeverkstaden hos Harald A. Møller. If har opplyst at bilen blei flytta til ein annan merkeverkstad 10. januar 2001. Elles har ikkje If gjort greie for kva som skjedde med køyretøyet under verkstadopphaldet.

Stein Elling Schille har mistanke om at ein eller annan har teke bilen i Oslo og køyrt han inntil han blei funnen att skadd ein stad i hovudstaden.

Svarar ikkje

Stein Elling Schille sin advokat Haldor Tveit tok saka inn for Forsikringsskadenemnda i oktober 2001. Kort tid etterpå fekk nemnda saksdokumenta frå If. Men trass tre purringar frå nemnda, kom aldri selskapet med sin versjon av saka.

Først 5. september i fjor skreiv selskapet at sjukdom og fråvær var årsak til uteblitte svar, og at If skal lata høyra frå seg to veker seinare.

I slutten av september gir If melding om at saka er overført frå selskapets Bergen-kontor til Ifs juridiske avdeling i Oslo. Dette stadfesta skadeleiar Per Arne Strandenes hos If i Bergen nyleg overfor Bergens Tidende. Ved juridisk avdeling får vi opplyst at saka ikkje er registrert.

— Dette viser at If Skadeforsikring konsekvent trenerer saka, meiner advokat Haldor Tveit.

Forsikringsklagekontoret viser til at det er eit halvt års ventetid på behandling i forsikringsklagenemnda. Kontorets advokat Elisabeth Berthelsen rår Tveit og hans klient Stein Elling Schille til å prøva saka for domstolane. Dette grunna sein handsaming i nemnda og på grunn av bevisspørsmål i saka som nemnda truleg ikkje vil ta stilling til.

PARKERT: Slik har Stein Elling Schille sin Audi S4 stått parkert utanfor huset i Rosendal i to år grunna ei uoppgjort sak med If Skadeforsikring.<br/> ARKIVFOTO: OVE A OLDERKJÆR