— Det er forferdeleg å ikkje vite kor Marie er. No nærmar april seg igjen, og alt følest endå verre, seier ekteparet Kristin Skjerve (33) og Petter Helle (30).

2001 var eit «annus horribilus» for det unge ekteparet på Hjelteryggen. Først ein dødfødsel i april, så to spontanabortar same år. I august døydde mor til Petter av hjerneslag, berre 57 år gammal.

At dei ikkje anar kva som har skjedd med vesle Marie, har gjort tida etterpå endå vanskelegare å takle.

— Hadde vi ikkje hatt vesle Sondre, som snart er to år, ville vi aldri klart å kome oss gjennom alt sammen, fortel dei.

Knute på navlestrengen

Marie døydde i mammas mage, 24 veker gammal. Datoen var 26. april, 2001. Obduksjonsrapporten, som først kom fire månadar seinare, viste at dødsårsaken var knute på navlestrengen.

Etter dødfødselen fekk to sønderknuste foreldre på Kvinneklinikken (KK) valet mellom gravferd eller minnelund. Dei orka ikkje tanken på den vesle kista, og sa ja til minnelund.

Minnelund inneber at fosteret blir kremert, og lagt i fellesurne på gravplassen ved KK.

— Men hadde vi visst det vi veit i dag, ville vi bedt om gravferd med éin gong. Vi hadde ikkje stussa, seier Petter til BT.

Éin einaste telefon

På KK fekk Kristin og Petter informasjon om at det kunne ta 3-4 månadar før urna vart sett ned, og at dei kom til å motta eit brev om kor urna er plassert.

Men elleve månadar seinare har dei framleis ikkje noko grav å gå til. Dei har ringt og ringt, dei har skrive brev og dei har purra, men får aldri klart svar.

Før jul sende Kristin endå eit brev til KK. Då var ho blitt sint, og det hjalp. For i januar kom endeleg den første - og så langt einaste - telefonen frå KK. Dei vart fortalde at minnelunden hadde vore lukka sidan begynnelsen av april året før. Men no skulle den opnast igjen, og urna leggjast ned.

— Men vi har framleis ikkje mottatt noko brev, og anar ikkje om urna vart satt ned eller kor den eventuelt står. Det er utruleg frustrerande. Eg er heilt sikker på at fleire opplever det same som oss, seier Kristin.

Gifta seg på Maries termin

Den 17. august i fjor gifta Kristin og Petter seg. Det var den same datoen som terminen for Maries fødsel.

— Vi gjorde det for Marie, og vi gjorde det for oss, seier paret.

— Trur de at urna hennar er på plass innan 26. april i år, eit år etter at ho døydde?

— Vi veit ikkje. Vi håpar, men veit ingenting. Vi får sjå.

UTAN GRAV: Vesle Marie døydde i mors liv i april i fjor, og foreldra Kristin Skjerve og Petter Helle sa ja til å leggje urna hennar i ein minnelund. Snart eit år seinare har dei enno ikkje ei grav å gå til. - Det er horribelt at det tek så lang tid, seier Petter. Sondre, som fyller to år i mai, har vore til stor trøyst for foreldra i den vonde ventetida.
Foto: Knut Strand