TERJE ULVEDAL

I følgje politiet hadde den sikta ikkje gyldige norske reisedokument. Dersom mannen har tatt seg ut av Schengen-området på ordinær måte, må han ha vist pass. Han kan ha kome seg forbi grensekontrollen gjennom å ha skaffa seg falske papir etter at han drog frå Sogndal. Men han kan også ha hatt pass under andre identitetar.

— For politiet er det sjølvsagt interessant å vite om han har hatt reisedokument under andre namn. Dette er noko vi undersøkjer, stadfestar politiadvokat Knut Broberg overfor Bergens Tidende.

Usikker

Etter det Bergens Tidende kjenner til er det høgst usikkert om norske styremakter har somaliarens rette identitet. Det er vel kjent at ulovlege innvandrarar opererer med fleire sett identitetspapir. Eit døme på det er siktas 30 år gamle kamerat, mannen som sist tysdag blei varetektsfengsla for brot på utlendingslova. Han har operert med minst tre identitetar i Noreg og Tyskland. Bergens Tidende er i tillegg kjend med at folk som tilhøyrer det somaliske miljøet i Oslo, skal ha stilt spørsmål ved om mannen verkeleg kjem frå Somalia.

35-åringen har ført eit omflakkande tilvere, og skal mellom anna ha budd både i Libanon og Frankrike. Han har også kontaktar og familie i Danmark og Nederland. Og i London bur eks-kona med deira felles barn.

Ettersom 35-åringen i mange år har vore busett i andre land, aukar sjansen for at han kan ha pass politiet ikkje kjenner til. Ein indikasjon på det er opplysningane at han har vore heime på ferie i Somalia etter at han kom til Noreg i 2001. Det norske utlendingspasset, som mannen har hatt, gjev nemleg ikkje løyve til å reise inn til Somalia.

Ikkje gyldig

Politiet opplyste i går at 35-åringen ikkje hadde gyldige norske reisedokument då han drog frå Sogndal sist torsdag.

Mannen fekk arbeids- og opphaldsløyve då han kom til Noreg i 2001. Då løyvet blei innvilga fekk han samstundes utlendingspass. Dette er eit dokument som blir skrive ut til personar som får opphald på humanitært grunnlag, men som ikkje har fått innvilga søknad om asyl. Eit utlendingspass må fornyast kvart år. Passet har visse avgrensingar i forhold til eit ordinært norsk pass, men er likevel gyldig som norsk reisedokument til dei fleste land.

Utan gyldige reisedokument vil mannen relativt fritt kunne bevege seg innanfor dei europeiske landa som tek del i Schengen-samarbeidet. Politiet vil ikkje kommentere om dei trur mannen har greidd å kome seg ut av Schengen-området, ved hjelp av reisedokument på ein annan identitet.