– Magen min er berre blitt heilt enorm i det siste!

Denise Hagen (30) ligg i senga på Haukeland Hotell og klappar seg på magen. Ho er ikkje meir enn 26 veker på veg, men magen er diger.

– Eg er like stor no som eg var rett før eg fødde dottera mi på to og eit halvt. Eg har lagt på meg rundt 20 kilo, så alt er veldig tungt for tida, seier ho på amerikansk striledialekt.

Tre jenter

Kanskje ikkje så rart, sidan magen hennar husar tre små jentebabyar på rundt ein kilo kvar. Denise har eigentleg ikkje termin før 29. februar, men trillingar kjem som regel lenge før tida.

– Eg er glad viss eg kjem meg over 28 veker utan at det skjer noko. Men sjansen for at alle tre overlever blir større for kvar dag som går, seier ho.

Denise har vore på pasienthotellet sidan tysdag i førre veke. Hyppige kynnarar førte til at ho måtte bli henta av luftambulanse heime i Masfjorden.

– Dei ville ikkje risikera at eg fødde på baderomsgolvet langt ute på landet, seier ho og ler.

Heldigvis klarte legane å hindra at fødselen kom i gang. No får ikkje Denise røra seg meir enn strengt nødvendig for ikkje å setja i gang fødselen.

På bordet hennar ligg ei oransje sparkebukse, som nesten er ferdigstrikka. I bakgrunnen surrar TV-en. Ho vedgår at dagane er lange.

– Eg får lov til å eta, gå på do og stella meg. Elles må eg halda senga, seier ho.

Steikte burgarar for Norge

Denise bur no altså i Masfjorden saman med mannen Vegard og dottera Freya (2,5).

Korleis ho hamna der? Vel, det er ei ganske lang historie. Men det heile begynte med ei Stavanger-jente som var på utveksling i Denise sin heimby Ithaca i Michigan. Denise og Stavanger-jenta blei gode venner og det blei fort klart at Denise skulle koma på besøk til Norge.

– Etter at eg var ferdig med vidaregåande, steikte eg burgarar på McDonalds i eit halvt år for å tena pengar til norgesturen, fortel Denise.

Ho fall pladask for Norge.

– «Ein gong skal eg bu i Norge», sa eg til foreldra mine då eg kom heim.

Det blei ein realitet lenge før ho trudde. For like etter at ho kom tilbake, møtte ho Vegard frå Masfjorden på Internett.

– Foreldra mine visste ikkje kva dei skulle gjera då eg fortalde at Vegard skulle koma på besøk, seier Denise.

Hulka då ho fekk beskjeden

Det eine førte til det andre og i 1999 gifta ho seg med Vegard og flytta til Norge. Ho lærte seg norsk, og begynte på medisinstudiet i Bergen. Eigentleg skulle ho ha vore turnuslege i Tana i Finnmark no, men det blei vanskeleg med tre i magen. I staden flytta den (enn så lenge) vesle familien inn hos svigermor i Masfjorden, der datakonsulent Vegard no har heimekontor. Og i Masfjorden har dei tenkt å bli så lenge dei kan.

Ved årsskiftet var det 14 spedbarn i strilekommunen. Trillingjentene vil dermed visa godt på statistikken.

Denise innrømmer at ho fekk sjokk då ho høyrde at ho skulle ha trillingar.

– Eg pleier aldri å gråta, men då gynekologen sa at eg skulle ha trillingar, begynte eg å hulka. Sidan eg er lege, veit eg kor stor risikoen er. Me må berre ta livet som det kjem. Og me skal nok klara dette også, seier ho.

TRILLINGMAGE: Denise Hagen har tre jenter i magen, to av dei er einegga. - Me tør ikkje å planlegga så mykje enno. Men viss nokon har ein stor caravelle til overs, er det berre å gi beskjed, seier ho og ler.
Paul S. Amundsen