— Det var ein tøff jobb. Men no svingar det heller ikkje lenger, seier Stein Egil Gangdal (35) etter å ha skrudd på plass 552 vindskovler under brukassane, samstundes som han har etablert si eiga bedrift.

Bølgene gjekk så høgt på dei to hengebruene i Trekantsambandet etter opninga 30. april at Hordaland vegkontor bestemte seg for å nytta samme metode som på Osterøybrua for å dempe ulemper for trafikkantar og konstruksjon. To rekkjer med spoilerar eller leieskovler under brukassane.

Spesielle vindretningar sette bruene i vertikale svingingar som målte over halvmeteren frå topp til botn på det meste. Rørslene var mindre enn tilsvarande på Osterøybrua, som tidvis blei stengt grunna bølginga, men likevel nok til at trafikkantar følte ubehag og dels redsle.

Fire millionar

Vel fire millionar kroner har vegvesenet brukt for å leggja Bømlabrua og Stordabrua stille. Stein Egil Gangdal og hans vesle firma Industriell Hjelp & Montasje gjekk i gang med den praktiske jobben 8. november og var ferdige sist veke.

36 meter over Spissøysundet og 18 meter over Digernessundet har Stein Egil Gangdal hange i ei kranstyrt korg under brukassane og skrudd på plass 552 skovlar, 300 av dei på Stordabrua.

Seks skruer har han manuelt skrudd på plass i kvar av stålspoilerane som veg 180 kilo og er 3,9 meter lange. Ved hjelp av radiosamband har han dirigert kranoperatør og hjelpar oppe på brua og ein muttermontør inne i brukassen.

Nestenulukke

Gangdal arbeidde for Leirvik Sveis med å montera og ferdiggjera dei 990 og 1076 meter lange bruene då han såg at han kunne gjera ein innsats mot svingingane som sjølvstendig næringsdrivande.

Stein Egil Gangdal har sjølv tenkt ut korleis spoilermonteringa skulle gjennomførast, og har personleg fått på plass alle dei 3312 skruene. Etter å ha fullført harde arbeidsdagar på brua, har han administrert sitt nyskipa firma på kveldstid.

Dårleg vêr og tekniske problem har stoppa arbeidet enkelte dagar, som elles har gått heilt etter Gangdals plan.

Ei nestenulukke var dei fire i arbeidsgjengen utsett for då ein bilist oversåg det raude stopplyset på Bømlabrua. Bilen stansa berre ein meter framfor lasteplanet med arbeidsfolk og med kranen som heldt Stein Egil Gangdal i ein vaier under brua.

FULLFØRT: Etter ein hektisk haust og førjulsvinter hengjande under Bømlabrua og Stordabrua, kan Stein Egil Gangdal ta ein velfortent juleferie.
Foto: Ove Olderkjær