• Saman med Sjøkartverket skal dei gjennomføre ein full analyse av dei norske skipsleiene, for å finne ut om dei er godt nok kartlagt og oppmerkt.
  • Det er bestemt at alle losar skal få tilgang til fullt oppdaterte og offisielle elektroniske kart, levert av Sjøkartverket.

Dei elektroniske karta som losane hittil har fått gjennom Kystverket, til bruk på heime-pc for fagleg oppdatering, var ikkje godkjent som offisielt navigasjonsmiddel på båtar.

Kartet som «Rocknes»-losen hadde tilgang på via Internett, var for eksempel basert på oppmålingar frå før 1941. Dei offisielle elektroniske sjøkarta byggjer på nye oppmålingar gjort på slutten av 80-talet, og blir kontinuerleg oppdatert.