• Eg har arbeidd på fødestove tidlegare, stått der med berre ein kommunelege som støtte når det oppstod komplikasjonar. Og eg seier: aldri meir. Aldri i livet.

Rigmor Cruickshank er jordmor og akupunktør ved fødeavdelinga i Lærdal. Ho har allereie sendt Helse Vest si oppseiing, med atterhald om at avdelinga ikkje skulle bli omgjort til fødestove.

Saman med kollegane fekk ho i går ettermiddag meldinga dei frykta, men i det lengste hadde håpa på å unngå. Den kom midt i vaktskiftet.

— Det hadde vore greitt med fødestove dersom vi hadde hatt ein akuttfunksjon i nærleiken. Eg skulle ikkje hatt noko imot å vore jordmor på Storken. Men her i Lærdal? Aldri.

Rigmor har opplevd det meste som jordmor, fødestove så vel som store og små avdelingar, og er sikker i si sak: Helse Vest er ikkje klar over kva dei eigentleg gjer, når dei legg ned fødeavdelinga ved eit sjukehus som Lærdal. Ingen av jordmødrene er i tvil om at foretaket vil måtte betale dyrt for å erstatte dei - gjerne med innleigde vikarar. Og at dei fødande i distriktet blir dei som verkeleg må betale prisen, i form av eit langt dårlegare tilbod.

— Det finst ikkje faglege grunnar til å legge ned i Lærdal, seier ei anna av jordmødrene, Hilde O. Kvist Stadheim.

— Komplikasjonar vil oppstå frå tid til anna. Og då er ei fødestove i Lærdal ingen plass å jobbe på.

IKKJE PÅ FØDESTOVE: Ingen av jordmødrene her på fødeavdelinga i Lærdal vil halde fram i arbeidet når fødeavdelinga blir til fødestove. Dei vil heller pendle til næraste sjukehus, og er spente på kva vilkår det i så fall vil skje på. Det kunne ikkje sjukehusdirektør Leif Havnen (fremst) svare barnepleiar Karin S. Sæthre, jordmor Rigmor Cruickshank, hjelpepleiar Olaug Nundal og jordmor Hilde O. Kvist Stadheim på, da meldinga om nedlegging kom i går.<p/>FOTO: ODDLEIV APNESETH