— Vi har halde på sidan 2003, fortel oppvekstsjef John Ole Vange.

Prosjektet «Frå jord til bord» er blitt eit så fast innslag i ungdomsskulen at det nærast er som pensum å rekna.

I tunet til oppvekstsjefen, rett ovanfor fengselet, er ikkje berre ein slaktebenk rigga opp, men to. Bøndene Ragnar Hove og Olav Tuxen Hove er sjef ved kvar sin benk. Her går det etter heimeslaktprinsippet på gardane. Dei gir seg betre tid enn på offentlege slakteri, der det går unna på løpande band.

Frivillige fremst

Dei 43 elevane frå Flatbygdi skule og Feios oppvekstsenter er delte opp i seks grupper. I løpet av dagen får kvar gruppe vera med på slakting av ein sau.

Nokre har tydelegvis vore med på saueslakting eller hjortejakt før, stiller seg fremst og melder seg frivillig til alle oppgåver.

Andre er litt meir reserverte, men tør opp etter kvart.

— Eg er heilt med, eg no. Dette er dritmoro, seier Frida Helleland Sætre.

— Har du vore med på slakting før?

— Berre ein hane. Den hanen likte eg ikkje, så det var heilt i orden!

Elevane har sett fram til denne dagen med skrekkblanda fryd, helt sidan dei gjekk i åttande, og fjorårets niandeklassingar kom attende til skulen og fortalde sine skrekkhistorier.

— Sannsynlegvis smurde dei tjukt på, kommenterer veterinær Jan Loopstra.

Eg blir kvalm og kjem til å grina

Hanne Holen

Knip augo saman

Det går lengre tid før Hanne Holen og Isabel Målsnes Hansen er med på notane. Dei stiller seg bak dei andre og held kvarandre i hendene medan veterinæren opererer slaktebolten og oppvekstsjefen tappar blod.

— Eg ville heller gått til tannlegen, eg blir kvalm og kjem til å grina, seier Hanne Holen.

Ho bur i bustadfeltet i Hoprestadmarka og meiner at sauer bør få leva livet ut, til dei døyr av alderdom, som oss.

— Hadde dette vore min sau, hadde eg stukke av med han, seier Hanne.

— Det er fullt lov å trekka seg unna eller snu seg vekk, seier rektor Ole Jørgen Øygarden ved Flatbygdi skule.

Men det går ikkje så veldig mange minutt før han konstaterer at Hanne og Isabel held i kvar sin hank på sinkbaljen medan ister og innvollar vert velta ut av bukhola på den oppspretta sauen.

Ivrig rektor

  • Dei er flinke. Alle elevane er kjempeflinke, skryt rektor.

Han karakteriserer «Frå jord til bord» som eit «veldig all right prosjekt». Ikkje berre fordi dei slaktar sau og elevane lærer naturfag og matlaging, men også fordi entreprenørskap er eit viktig tema.

Fredag stod naturfag, partering, salting, sying av rullepølser, karding av ull og toving på timeplanen. Ut over hausten blir det laga både fårikål og anna godt på skulekjøkenet. Like over jul blir det pinnakjøtfest for foreldre og besteforeldre. Dei må betala inngangspengar.

Sidan 2006 har dei åtte kommunane i Sogn, alle offer for fråflytting, satsa på entreprenørskap i skulen. Elevane skal inspirerast til kreativitet. Målet er at mange av dei skal skapa arbeidsplass for seg sjølv, og helst fleire.

Foreldra positive

  • «Frå jord til bord» høver godt inn. Fagfolk som veterinæren vert knytte tett opp mot prosjektet. Vi har fått gode kommentarar frå foreldra, seier rektor.

Fengselsbetjent Bjarte Tjønn samtykkjer. Han let kollegaer passa fangane i Vik fengsel, og stikk innom Vange gard i lunsjpausen. Der konstaterer han at poden er blant dei aktive.

— Dette er heilt topp. Det er godt at ungdommane får sjå korleis maten blir til, seier Tjønn.

På ulik avstand og med ulikt kroppsspråk studerer elevane korleis Vange skjer opp halsen, frigjer strupehovudet (adamseplet) så det dannar enden av matrøyret, som han slår knute på. Dermed kan E. coli og andre bakteriar ikkje koma ut og forgifta kjøtet.

Det var litt ekkelt å halda i tarmane.

Hilde Turvold

Kan mykje

Dei innser at sauen ikkje kan pusta utan det kraftige mellomgolvet som skil brysthole frå bukhole. Fleire av elevane kan nok anatomi til å identifisera lunger, hjarte, lever, galleblære, nyrer og milt, som sjølv skiskyttartalent i Vik kan få sting av. Det overraskar at blindtarmen er så stor og livmora så lita.

— Ho blir stor nok til tre lam, seier Jan Loopstra.

Veterinæren må også hjelpa til med namna på dei tre magane som kjem etter vomma i drøvtyggjarane si matmelting. Nettmagen, med sitt karakteristiske nettingmønster på innsida, kjem først, så bladmagen og siste stasjon er løypemagen, som fungerer mest som den menneskelege magesekken.

— Det var litt ekkelt å halda i tarmane, vedgår Hilde Turvold, med kurs for fatet med godt lunka vaskevatn.

PS: Dei seks saueskrottane blir hengande att på Vange til eige konsum. Slik er reglane. Elevane får to nye skrottar, med førskrivne slakteristempel, tilkøyrt frå Natura i Førde til det vidare arbeidet med prosjektet.