— Er det vegg eller tak eller kva lagar eg no?

— Mamma, kan eg få lage pipa?

Prat og latter og den søte lukta av julebakst pregar huset i Øystese. Tvillingane Noa og Lea (6) tek kjevla fatt og let mjøl-skya stå saman med storesyster Jasmin (8). Dei må forte seg å få peparkakehuset ferdig før juleferien i Trondheim. Lite minner om dei forferdelege timane i oktober, då Noa ikkje var til å få kontakt med etter at han datt med hovudet først ned i asfalten.

TRØYSTEBAMSE: Pilotbjørn var med Noa (6) overalt på sjukehuset. Inn i CT-maskina, når han var kvalm, når han sov, og på bussturen heim.
MARITA AAREKOL

Utsett familie

Dette var ikkje fyrste gong familien fekk god nytte av eit stort hjelpeapparat. Då Jasmin var berre fem månader fekk ho alvorlege brannskadar etter at ho brann seg på brennheit suppe, og i 2009 miste familien så å seie alt dei eigde då huset brann ned.

— Å sjå huset brenne ned, var ikkje vanskeleg, men å sjå folk eg kjende gå inn i eit brennande hus, det var tøft

Heldigvis var ingen heime. Anders fekk ein telefon frå brannvesenet, og frå andre sida av fjorden, kunne han sjå den enorme røykskya.

— Me hadde budd her i seks år, men hadde aldri følt oss så mykje ein del av bygda som då. Alle me møtte tok vare på oss og spurte om me trong hjelp, seier han.

BAKST: Jasmin (8) og tvillingane Noa og Lea får god hjelp av mamma Natalia Golis i julebaksten. Skrekken frå i oktober er langt unna.
MARITA AAREKOL
TRYGGE: Anders Christian Geertsen er takksam for at det gjekk så bra med sonen Noa. Det tok ikkje lang tid før han var oppe og sprang att etter den kraftige hjerneristinga.
MARITA AAREKOL

Opplevinga fekk han til å bli med i det lokale brannvesenet.

— Å sjå huset brenne ned, var ikkje vanskeleg, men å sjå folk eg kjende gå inn i eit brennande hus, det var tøft.

Berre lyder, ingen ord

Og så, 11. oktober i år: Pappa Anders Christian Geertsen var innom jobb ein liten tur i Norheimsund saman med ungane. Han stelte åleine heime medan kona Natalia Golis var i Bergen for helga. Jasmin og Noa skulle få leike ute medan pappa tok Lea inn på do. Då han kom ut att nokre minutt seinare, sat Jasmin saman med veslebroren på bakken, men han laga berre lyder. Ikkje eit forståeleg ord kom ut. Noa hadde dotte med hovudet først då tauet han leika med rauk.

Dette er lyder ein far ikkje vil høyre, og han ringde 113. Og då sette det han kallar eit av verdas beste beredskapssystem i gong.

Det skreiv han i eit lesarinnlegg i BT ei veke etterpå i takksemd over all den hjelpa familien fekk.

Bamse til trøyst

Noa hugsar lite frå den fredagen i oktober. Han hugsar ikkje fallet eller turen til legesenteret. Minnest ikkje at faren hadde han i armane heile vegen, snakke til han, heldt han vaken. Borte er turen med luftambulansen til Grønneviksøren og turen til Haukeland derfrå.

Men, så vidt, han hugsar den store, skumle CT-maskina, der han låg heilt åleine, eller, berre nesten åleine. Med inn i undersøkinga var «Pilotbjørn» som personalet på luftambulansen gav han etter flyturen. Og det er slikt som faren til Noa synest er så fantastisk. Dei som såg redsla hos far og son, tok seg tida til ei slik trøyst.

Raskt

— Skal eg finne bamsen? spør Noa og spring opp trappene til soverommet, med syskena like bak.

Noa fortel at han fekk den av ein mann i helikopteret. Natalia hugsar korleis ho blei møtt på sjukehuset. Anestesilege Øyvind Østerås frå luftambulansen gav ho eit fast handtrykk: «Hei, eg heiter Øyvind, og dette kjem til å gå bra».

Østerås fortel at han og kollegene hadde prata om at dei måtte hugse å gi bamsar.

— For ungane er det jo ein skremmande situasjon med mykje uvisse. Dermed er det viktig at me gir dei eit fint lite minne frå hendinga, seier han.

JULEKOS I HEIMEN: Noa (6) pyntar peparkaker saman med storesyster Jasmin (8). Tvillingsyster Lea (6) er også med.
MARITA AAREKOL

Noa og faren kom raskare til Haukeland frå Norheimsund, enn mamma Natalia klarte å kome seg frå Bergen sentrum i taxi.

— Som forelder er dette verste ein kan oppleve, men det er noko med heile systemet. Dei me møtte var så profesjonelle og trygge, at me klarte å stå gjennom det, seier faren.