— Ein stad er først og fremst ei fornemming, ein assosiasjon. Og 99 prosent av befolkninga i Norge har nok aldri assosiert noko med Gulen, seier Trond Blindheim, rektor ved Markedshøyskolen i Oslo.

Blindheim, som sjølv er blant den eine prosenten som kjenner til Gulen, meiner det er snodig om kommunen skal få pengar til omdømmebygging.

— Bjugn var skikkeleg stigmatisert. Dei har ikkje fått statlege midlar av den grunn. Men eg kan forstå dei, seier Blindheim.

Han har sans for tanken om marknadsføring, og listar opp fleire råd til Gulen.

— Dei må sørgje for at det skjer noko der. Ein kommune kjem ikkje nokon veg med nokre skarve millionar, det blir som å marknadsføre ein middels stor hamburger, seier Blindheim.

Derfor er det ikkje pengane, men innsatsviljen det kjem an på.

— Sjå på hunderennet som går over heile Finnmark. Det var ikkje pengar som starta det, men fire personar over ei konjakkflaske, seier Blindheim.

Omdømmeekspert Christian Sinding i Brand Consulting meiner Gulen bør satse på enkle, men synlege tiltak.

— Det viktigaste er langsiktig arbeid og lang påverking. Det kan vere enkle hjelpemiddel. Leiarane må gå føre med eit godt døme. Lag synlege tiltak. Sats på naturvern og markante ting som innbyggjarane kan sjå og relatere seg til, rådar Sinding.