Det synest klart etter styremøtet i Helse Bergen i går, der konstituert administrerande direktør, Anne Sissel Faugstad, gav ei kort orientering om saka.

Helsetilsynet har vurdert ni tilhøve ved sjukehuset si handsaming av pasienten Kristina Hjartåker som etter 40 minutt vart graven fram frå jordraset i Hatlestad Terrasse 14. september i fjor. Faren, Oddmund Hjartåker, bad om at legane ikkje måtte kopla Kristina frå respiratoren. Rettssak om dette var fråfalle etter mekling ved biskopen, og Kristina døydde 7. februar i år, då respiratoren vart kopla frå.

Av dei ni punkta Helsetilsynet har vurdert, har sjukehuset fått kritikk for tre situasjonar.

– Eg trur at kritikken for eitt av tilfella er basert på ei rein mistyding, sa Faugstad.

Ho understreka at fagmiljøet på Haukeland har vurdert Helsetilsynet sin rapport grundig. Dei er opne for at andre kan sjå situasjonen annleis enn dei gjorde, som stod midt oppe i det.

– Dei som har vore involvert, tek dette tungt. På eit seinare tidspunkt har vi lyst til å ta ting opp med Helsetilsynet, sa direktøren.

Styreleiar Ranveig Frøiland uttrykte misnøye med å måtte venta i ni månader på Helsetilsynet si fråsegn, og dermed ei ny runde med ei vond sak. Ho karakteriserte Helsetilsynet sitt system som «nesten håplaust».

Styremedlem Albrigt Sangolt bad om at Helse Bergen no legg denne saka bak seg.

Føiland opplyste at arbeidet med tilsetting av ny administrerande direktør etter Anne Kverneland Bogsnes er i godt gjenge, men konklusjon er ikkje trekt. Stener Kvinnsland, som stod sentralt i Kristina-saka, er ein aktuell kandidat. Styret vil truleg tilsetja i neste møte, der 13. desember er ny dato.