Denne veka gjekk han heilt til topps i sveise-NM etter å ha teke sølv i forrige meisterskap for to år sidan.

– Eg likar å få ting perfekt, er stødig på handa, og har forståing for korleis det heile fungerer. Det handlar om yrkesrespekt, seier den unge trønderen når bt.no ber han skildra eigen dugleik i sveisefaget.

21-åringen frå Oppdal tok til som lærling på Aker Kværner Stord for tre år sidan, og arbeider no i rotasjon for verftet på Snøhvit gassanlegg på Melkøya ved Hammerfest.

I helga slappar han av heime etter å ha slått knock out på konkurrentane i sveisetevlinga i Langesund, Telemark. Etter to intense konkurransedagar stod Espen Nyberg att med 622 poeng, 114 poeng framom nestemann. Premien var 5000 kroner og ein ny sveisemaskin.

– Vi har alltid hatt lærlingar og unge fagarbeidarar som hevdar seg godt i slike konkurransar. At vi på ny har fått ein norsk meister er med på å styrka vårt gode omdømme som ei kvalitetsbedrift, seier Aker Kværner Stords administrerande direktør Stian Vemmestad til bedrifta si internavis på nett.

Espen Nyberg er med sigeren i NM kvalifisert for Nordisk meisterskap i sveising i Finland om to månader og Yrkes-OL i Japan neste haust.