I går valde Bergen kommune å gå ut i pressa med smitteproblema ved Ladegården sykehjem.

Men blant bebuarar og personale var det ingenting unormalt å spore i går ettermiddag.

Vanskeleg å bli kvitt

Odd Falck Olsen er blant pasientane som har tatt stafylokokk-testen. Han har enno ikkje fått svaret, men engstar seg slett ikkje.

— Nei, nei, eg er ikkje engsteleg. Det ordnar seg alltid, seier han.

Og dei andre i dagpasientgruppa verkar å vere på line med Odd.

— Vi engstar oss ikkje, stadfestar ein annan av dagpasientane, Johanna Torsvik.

— Skriv heller art vi har det veldig gdt her, skyt Ellinor Pedersen inn.

— Vi ser fram til kvar dag vi skal vere her.

Og nettopp slik vil Bjørg Børkje, institusjonssjef på Ladegården sykehjem, at det skal vere. Mest av alt er ho engsteleg for at smittefaren skal skremme eller skake opp dei som bur på - og brukar - sjukeheimen.

— Vi snakkar om ein svært smittsam sjukdom, men den er jo ikkje farleg for folk flest, understrekar ho.

— Men dette er ein smitte vi ikkje ønskjer å ha på helseinstitusjonar, og derfor har vi tatt denne saka svært alvorleg. Når ein først har fått smitten, er den svært vanskeleg å bli kvitt.

Så langt er 12 smitteberarar avdekt, og enno er ikkje testinga heilt avslutta.

Isolert på romma

Etter det første tilfellet vart oppdaga i desember, vart alle pasientar på avdelinga til smittebæraren testa.

— Vi tok prøver av alle som hadde vore på same avdeling, også dei som hadde vore der ein månad tilbake i tid. Vi fann ingen nye tilfelle, fortel Børkje.

— Men ei tid seinare oppdaga vi smitte hjå ein pasient som hadde vore på avdelinga endå tidlegare. Da gjekk alarmen, og vi fann ytterlegare to tilfelle.

I samråd med smittevernlegen vart ei omfattande kartlegging sett i gang. Dette innebar dobbelttest av 164 pasientar, test av 50 dagpasientar og alle 300 tilsette.

— Smitten starta på korttidsavdelinga, der det er mest gjennomtrekk av pasientar, seier Børkje.

— Smitten er oppdaga i sår, men også hjå heilt friske folk, blant anna to tilsette.

Dei smitta bebuarane er no isolert på romma der dei bur, med ekstravakt iført verneutstyr. Mange merkar ikkje noko til smitten, og med følgje kan dei fritt gå turar ut av institusjonen. Dei får berre ikkje blande seg med dei andre bebuarane. Dei to tilsette som har fått smitten er sjukmelde inntil dei avgjev negativ prøve.

— Vi vurderte å samle alle dei smitta på ei avdeling, men fann ut at bebuarane har det best med å sleppe å flytte, seier institusjonssjefen.

— Dei fleste smitta er jo friske. Berre dei som har sår, dren eller dårleg allmenntilstand blir sjue av dette.

Og behandliga? Isolasjon, salve i nasen, vask med spesialmiddel, hyppig skifte av tøy.

Og så: vente på negativt testsvar.