• Fritt skuleval har vore veldig positivt, men eit tungt løft, seier rektor Ingrid Søndenaa ved Ølen vidaregåande skule.

JØRN-ARNE TOMASGARD

Ølen vidaregåande vart flytta over frå eit inntakssystem der elevane vart styrte inn på skulen til fritt skuleval då kommunen skifta fylke frå Hordaland til Rogaland. Erfaringane til rektor Søndenaa er gode.

— Så lenge elevane blir styrte inn kan det bli ei sovepute for skulen. Det er eit stille og roleg liv, men gjer at ein ikkje skjerpar seg. No er vi i ein konkurransesituasjon som fører til at vi må skjerpe kvaliteten. Det er eit insitament til utvikling, meiner Søndenaa.

— Det er veldig positivt, men eit tungt løft for ein skule som ikkje er vant med å tenkje slik, seier ho.

Uro og sinne i distrikta

Kritikarane mot fritt skuleval meiner ordninga vil gå utover utkantskulane, men for utkantskulen Ølen har det ikkje ført til nedgang i elevtalet. Det har vore stabilt om omkring 300, ifølgje rektor.

— Vi må spisse satsinga meir. No er vi gode i kokkefaget, på internasjonalisering og språk. Det er ganske mange elevar frå andre stader, noko vi tek som eit teikn på at vi har ein god skule, seier Søndenaa.

I utkantskulane i Hordaland har forslaget om å innføre fritt skuleval frå neste haust ført til uro og sinne. Lokallagsleiar Jan Nordø ved Austrheim vidaregåande skule meiner fritt skuleval er distriktsfiendtleg.

— Fritt skuleval kan bety raseringa av skulane i distrikta. Vi veit at elevar trekkjer inn mot byen. Det høyrest forlokkande ut med «fridom», men i realiteten er det distriktsnedbygging. For oss kan dette bety liv eller død, seier Nordø. Han er spesielt skuffa over Kristeleg Folkeparti.

- Råtassar

— At Høgre køyrer slik politikk ligg i korta, men at KrF gjer det, får eg ikkje til å rime. Koalisjonen oppfører seg som råtassar, seier Jan Nordø.

Fleirtalskoalisjonen i fylkestinget er sett saman av KrF, Høgre, Framstegspartiet og Pensjonistpartiet. Ifølgje saksordførar for fritt skuleval-saka Lars Inge Bremnes (H) har koalisjonen ein avtale om å stemme for innføring av fritt skuleval i Hordaland.

— Eg har ikkje fått signal om at det fleirtalet skal endre seg, seier Bremnes. Han trekkjer fram elevane sin rett til sjølv å velje kva skule dei vil gå på, som den viktigaste grunnen til å innføre fritt skuleval.

— Dette vil vere å gje makta tilbake til elevane, seier han.

Bremnes trur ikkje distriktsskulane har noko å frykte.

— Erfaringane viser at berre 10-15 prosent søkjer seg til andre skular enn nærskulen. Eg kan ikkje sjå korleis vi kan få dei utslaga mange fryktar. Truleg blir det om lag som i dag, bortsett frå at nokon skular blir spesielt populære.

— Enkelte skular har ei utfordring med å halde på elevar, men den utfordringa må dei ta, meiner saksordføraren.

- Negativt for dei svake

— Med fritt skuleval vil alle få lik mulegheit til å kome inn på den skulen dei ønskjer. Mange kan ha godt av å kome seg vekk frå sette miljø, meiner Bremnes om at svake elevar kan bli flytta langt unna nærskulen sin.

Bremnes tek kritikk på at høyringsfristen for elevane blir så kort. Han skuldar på ein administrativ glipp.

— Men heilt frå oktober 2003 har det vore sagt at fritt skuleval skulle innførast frå hausten 2005, seier han.

Ein delegasjon frå Hordaland fylkeskommune med Bremnes i spissen reiser til Rogaland for å sjå korleis inntaksordninga har fungert der.

Seksjonssjef Ståle Wold ved opplæringsavdelinga i Rogaland seier at dei har positive erfaringar med fritt skuleval.

— Men det er ei klar erfaring at fritt skuleval er bra for dei flinke, og at dei svake blir taparane, seier Wold.

Han fortel at drygt 80 prosent kjem inn på sitt første kurs- og skuleønskje i Rogaland.

Det er også ein klar tendens til at sentrumsskular som Stavanger Katedralskole, St. Olav og St. Svithun vidaregåande skular blir oversøkte, medan skular i det ein kan kalle drabantbyar, som til dømes Randaberg, kjem dårlegare ut, ifølgje Wold.